søndag 7. januar 2007

Plutselig på flyttefot!

Vi har nettopp fått beskjed om at vi skal flytte - nytt korps, nye muligheter!

Den opprinnelige planen var at vi skulle bu her i Pretoria til byrjinga av mars for så å skifte region og flytte til East London, dette er standard prosedyre i prosjektet. No vert det derimot ei stor og litt brå forandring for meg og Heidi. Vi skal flytte til Bafokengregionen og byen Rustenburg, 10 mil vest for Pretoria. Her skal vi bu i fem veker, før vi altså flyttar til East London.

Grunnen til denne endringa er at det, som tidligare nevnt her på bloggen, ikkje har fungert heilt optimalt i Cullinan. Det er svært få lærarar og i tillegg sa den eine opp no i jula så det er kun fire att. Vi føler og at dei rett og slett er litt metta på å ha nordmenn der. Dette kan kanskje høyrest rart ut, men det verkar som dei har fått nok av nye impulser og helst vil styre på med ting slik dei sjølve ynsker å gjere det. Ein del av lærararne i bandet verkar og lite engasjerte i jobben sin og ser ikkje noko stor framtid der. Dette er veldig synd! Det er mange engasjerte og flinke ungar i bandet og det er dei som er framtida til korpset og slik sett skulle vi gjerne ha vore der dei resterande fem vekene. Eg synest det er litt trist at vi skal flytte, vi storkoste oss på afternoon session med bandet! Vi kjem verkeleg til å sakne ungane og entusiasmen, deira men det er i hovudsak ikkje dei vi arbeidar med med, det er lærarane. Difor er flyttinga, jobbmessig sett, ei bra endring for oss. Det er og viktig for oss at arbeidgjevar tek oss på alvor og gjer noko når vi gjev tilbakemeldingar på at arbeidssituasjonen er svært vanskeleg og at vi stadig stangar hovudet i veggen.

Korpset vi skal jobbe i no har vi hatt to helgeseminar med tidlegare og vi likte oss svært godt der. Så vi ser fram til å komme til nokon som er skikkelig sugne på å lære noko og har stor tru på at det kjem til å bli ei kjekk periode. Dei har aldri hatt nordmenn hos seg før så dette er nytt for dei.

Bafokengregionen har eigen konge og vi har fått beskjed om at dronningmora har ordna eit hus til oss! :) Vi har store forventningar til kvar vi skal bu og drøymer om basseng, tenar og kongen på andre sida av gjerdet!

Ingen kommentarer: