fredag 29. februar 2008

Irritert jobbsøkjar!!!

Eg er jobbsøkande om dagen og no har skulane byrja å lyse ut stillingane for neste skuleår. Eg søker i Bergensområdet, men i ulike kommuner. Ein skriv ikkje ordinær søknad, men fyller ut eit skjema for søknad på lærarstillingar, med info om utdanning, praksis, verv osv osv..
Og kvar einaste kommune har sitt eit eige skjema eg må fylle ut! Kvifor kan dei ikkje berre lage eit standardskjema som er likt for alle skular? Så sender eg det berre til den skulen eg vil søkja på? Men neida.... her skal alle vere så fancy og utvikle sine eigne skjema - slik at dei kan få den samme informasjonen som alle andre, berre i eit litt anna format. Makan til sløseri av arbeidskrefter og tid. Når ein er 26 har ein faktisk begynt å få litt å fylle inn i desse skjema og, det tek meg evigheter! Før hadde ein et felles skjema, en kunne faktisk få kjøpt det på bokhandelen. Nei, nokre ting var jammen meg betre før i tida! Grynt...

Ingen kommentarer: