Det er T R A V E L T for tida!
Det er to månader att til bryllaupet og det begynner å dra seg til med planlegging og alle småting som skal tenkast på. Akkurat no fortonar lista over småting seg som uoverkommelig, men litt etter litt dett det no på plass. I løpet av den kommande veka er målet å få bestemt oss for mat og bestille det, ordne med transporttilbud til gjestane og å få sendt ut invitasjon til vennegjengen. Deretter kan brura begynne å konsentrere seg om serviettar, blomster, kakeliste,dill og dall til brudekjolen, bordkort og brudebukett. Ellers er brudgommen involvert han og altså, men vi har vel ei noko tradisjonell fordeling av arbeidsoppgåver, der brura helst likar å ha kontroll over detaljane :)
I tillegg til bryllaup jobbar eg ein månad som vikar no, to veker på Seim Skule og to veker på Knarvik Skule. Så eg bur hos Turid og Arne i Knarvik. Det har vore to hektiske veker så langt - det er alltid litt ekstra stress med å jobbe som vikar. Ikkje finn ein heilt fram, kjenner ikkje til faste rutiner, og kjenner ikkje elevane - så ein famlar litt ekstra. Men det har vore veldig kjekt på Seim. Det er ein liten skule med ca 100 elevar, med eit godt miljø - blotta for storbyproblematikk.
Det passar bra å bu og jobbe i Knarvik desse vekene, for om ei veke er det NM for brassband i Grieghallen i Bergen. I Oster Brass er det mykje øving for tida, og kommande veke vert det øving kvar dag - hektisk og kjekt! Så alle som kan bør innfinne seg i Grieghallen lørdag 10.februar når Oster Brass går på scena :)
Sånn - det var ei lita oppdatering på livet mitt for tida. No set eg på Raudeberg hos systa, er på besøk her i helga. Kjekt å komme heim! Skal slappe av heile helga og pleie helsa - slit med ein durabelig forkjølelse som no går inn i si andre veke. Da det dått alle dammen! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar