tirsdag 19. februar 2008

Jobbsøking

No har skulane begynt å lyse ut lærarstilingane som vert ledige får hausten av og er spent søkjar. etter eit par timar med utfylling av skjema er nokre søknadar no avsendt. Alle kommuner har sitt eige skjema, noko som irriterar meg grønn. Dei er sjølvsagt ikkje like, og ettersom dei skal ha all info inn i desse elektronsike greiene må eg fyll eut heile CV'en min kvar gong eg søkjer jobb. Og det er jammen meg ikkje lett å forstå kva info dei skal ha alltid - det er til tider svevande stikkord for dei ulike "boksane". JAJA.. uansett .. Det hadde vore skikkelig deilig og fått seg eit års vikariat! Faste stillingar er svært vanskeleg og få, men ein kan no sjølvsagt håpe :) Etter diverse korte vikariat og eit år i utlandet er eg sugen på å få jobbe langsiktig innanfor skuleverket. Så får vi sjå om nokon av kommunane vil ha meg - forløpig har eg søkt i Lindås og Meland. Heia Birthe! :)

Ingen kommentarer: