Etter å ha feriert i Krügerparken og Graskopområdet sette vi kursen mot austkysten og Shakaland. Shakaland er eit hotell bygd opp rundt dei opprinnelge kulissane til innspeling av TV-serien "Shaka Zulu" som vart spelt inn i 1985.
Etter ein heil og lang dag med bilkøyring kom vi fram til Shakaland. Dette er ikkje eit heilt vanleg hotell, det merka vi allereie ved ankomsten. Vi køyrde på ein lang og humpete grusveg før vi kom fram og blei møtt av ei bråte med geiter, kyr, okser og høns. Vi vart innkvartert i vår eiga hytte, med stråtak og bambusveggar. Desse hyttene var opprinnelege zuluhytter, om enn litt tilpassa vestleg standard og hotellstandard. Zulufolket hadde vel neppe flislagt bad og vifte i taket.. Vi hadde bestilt eit eller anna juletilbod som til Trond si store glede viste seg å innkludere ein stor middagsbuffét kvar kveld, i tillegg til frokostbuffét sjølvsagt! Så vi åt som hestar i fire dagar, dei fleste har vel sjølv erfart buffétsyndromet.
| Det var organsiert Zulu-opplegg morgon, ettermiddag og kveld. Vi følte oss vel litt vél turistaktige der vi gjekk mellom lettkledde Zulufolk og vekselsvis filma og fotograferte dei. " You are more than welcome to have your picture taken with the Zulu chief, he is not afraid of the camera!" I ekte turistånd takka eg ja til tilbodet og smilte mitt mest blendande smil, side om side med ein Zuluhøvding. Sjølv om det sjølvsagt vart litt turistaktig så var dette nokså ekte. Zulufolk på området var ordentlege zuluar og dei bur fast på hotellområdet i ein eigen liten landsby. Det var ikkje tillatt for oss å gå inn på dette området utanom på særskilte tidspunkt. Vi fekk vete mykje om kulturen til zulufolket, bla kostar ei kone 11 kyr og ein mann kan ha så mange koner han vil. Mannen har ikkje ein fast bustad ettersom han må vere ei natt her og ei natt der for å halde konene sine tilfredsstilte. Skulle det derimot røyner litt på inn i mellom kunne han ta seg ei natt i fred og ro i ei mindre hytte på området. Jaja, det er hardt å vere mann!
|
Vi fekk og prøve ut litt zulukultur i praksis; vi var med på ølsmaking, spydkasting og kampteknikk med pinnar. Har ikkje tatt bilete av dette, sjølv om det nok kunne blitt ein del blinkskot. Under ser de bilete av ein som i alle fall hadde stilen inne.
| I bakgrunnen ser de hyttene vi budde i. Til høgre er zuluhøvdingen, i ferd med å avslutte laginga av eit spyd. |
|
| Her ser de mennene i tradisjonell zuluantrekk lagd av skinn frå impalaer. Opprinneleg hadde dei ikkje noko under desse skjørta, men etter litt observering kunne eg konstantere at alle saman hadde på seg små svarte truser, i sloggistil :)
Ovanfor er ei kvinne midt i øllaginga, ho silar ølet gjennom ei strømpe av strå og tøy slik at det vert tynt og reint. Zuluølet er mellom anna laga av maismjøl og smakte nokså bittert. |
Julekvelden i seg sjølv vart feira i hytta vår. Trond hadde med gåver frå familie og venar heime og det sette eg stor pris på. Fekk blandt anna Sissel Kyrkjebø sin samlecd av syskena mine, så når "Vestland, Vestland" tona ut frå cd-spelaren merka eg at lengta litt heim til gamle Noreg. Jula er liksom ikkje tida for å endre på gamle tradisjonar og eg føretrekk norsk jul til fordel for zulujul heretter! Må likevel seie at julekvelden vart koseleg og det kan vel vere greitt å ha opplevd jul utanfor landegrensene? Eg merka i alle fall at jula betyr meir for meg enn eg kanskje trudde før eg drog, klompen vaks kraftig i halsen når eg fekk heile familien på tråden ut på kvelden, direkte inne frå julefeiringa i stova heime på Raudeberg.
Til høgre for senga ser de årets juletre; ein baststol med litt julepynt på toppen! :)
I morgon reiser Trond heim att og det vert naturleg nok litt trist. Vi har hatt drøye to veker saman og har hatt ein veldig fin ferie! Så no vert det nokre månadar med laaang avstand igjen. Det er tungt inn i mellom, men tida flyg her nede og plutseleg er eg heime. Er nesten byrja å bli bekymra for at eg ikkje skal få sett alt eg har lyst til før eg må reise heim!
EG YNSKJER DYKK ALLE EIT RIKTIG GODT NYTT ÅR!

