torsdag 15. mai 2008

Rundreise på Vestlandet

No er det ei stund sidan eg har skrive noko her, men eg har vore på farten ei heil veke. Eg reiste heim til Raudeberg sist torsdag, på besøk hjå Stine og Kenneth. Søndag var det konfirmasjon for søskenbarnet mitt Andreas, siste konfirmanten i Kråkenesslekta! Det var ein kjekk dag, dessverre den einaste utan sol heile veka. Det vart ete mykje god mat og massevis av kaker :p
Elles var det nydelig fint heime alle andre dagane. Sola skein frå skyfri himmel, skikkelig sommar! Så det vart nokre dagar på altanen med pensumlesing og skravling med systa. Fekk og besøkt fleire venninner. Var til Lina og år nysteikte bollar i den nye stilige leiligheta, også hadde vi venninnetreff hos Silje. Der var Gro, Trude og Birte og. Synnøve var og heime, så då fekk eg skvist inn endå eit venninnemøte - veldig kjekt! Har jo blitt litt lite kontakt med en del sida eg no har budd to år vekke frå Bergen og vore lite heime på Raudeberg. Så no er vi oppdaterte på kvarandre igjen :)

Veldig kjekt med ein tur heim, og for ein gongs skyld var eg heldig med veret! pleier alltid å vere dårlig når eg reiser heim, men denne gongen vart det klaff :) Og det er jammen ikkje fritt for at eg har fått litt farge - i alle fall fregner!