Eg tenkte eg skulle skrive litt om ei heilt vanleg veke i East London, sidan mange av artiklane mine har handla om spesielle hendingar eller tema. Kvar veke, frå måndag til torsdag har vi morning session med lærarane frå 10 til 14. Det har vi hatt denne veka og, bortsett frå at morning session på tysdag vart flytta til fredag fordi lærarane skulle på ”rekrutteringsoppdrag” på ein skule i East London. Det skjer titt og ofte at morning sessions blir avlyst eller flytta. Som regel får vi beskjed dagen før, sjølv dei kanskje har visst om at den må avlysast eller flyttast i fleire dagar. Eg har gjett opp å komme til botnen i kvifor dei ikkje kan organisere og kommunisere betre om slike ting, det er berre ein av dei tinga det verkar som ein må akseptere. Måndag hadde vi teambuilding, planlegging og teori.
I teambuilding hadde vi ein variant av ”raudt lys”, der ein person står med ryggen til resten og dei må prøve å komme seg fram til vedkomande. Personen fremst kan snu seg utan forvarsel og dersom han ser nokon rører på seg, må dei snu. Oppgåva til laget er å få tak i ein gjenstand som ligg ved den fremste personen og å bringe den gjenstanden tilbake til start. Dersom personen som står fremst ser eller tippar kven som har gjenstanden er det tilbake til start. Her er det mykje kommunikasjon utan ord og det tok litt tid før dei klarte å gjennomføre det utan at personen fremst klarte å finne ut av kven som hadde gjenstanden. Då vi i tillegg la til gjenstand som laga lyd vart det endå verre. Kjekk leik som dei og kan bruke med ungane i bandet, samtidig som dei får trening i å samarbeide sjølve.
I teorien held vi fram med rytmar, som vi har halde på med leeeeenge no. Punktert åttandedel og sekstandedel er framleis nokså vanskeleg! Emanuel, som er danselærar i korpset, kunne ikkje notar i det heile teke då vi kom. Han har likevel stilt på alle teoritimar og er ivrig på å lære. Han har i tillegg speletimar med Heidi så han kan lære seg å spele litt trompet. Han hadde ikkje vore nøydt til dette, men hadde lyst. Eg synest det er flott at han anstrenger seg ekstra for å lære nye ting!
|  Nolubabalo, Sakhiwo og Heidi har noteteori. Til høgre poserer Sia og Sabelo, likar godt å bli fotograferte! | |
Tysdag var vi på afternoon session med korpset, men den begynte ein time for seint fordi lærarne var på oppdrag i East London og eit eller anna hadde forhindra dei å kome tidsnok tilbake. Vi arbeidar mykje med å halde tidsskjema på desse øvingane. Dei har alltid ein plan for korleis øvinga skal vere, men planen vert aldri utført heilt slik som planen! Dei har undervisning i grupper før dei samlar alle saman, og ofte vert ikkje full band noko av fordi dei brukte for lang tid i gruppene sine. Dei gjer ein flott jobb likevel og vi ser framgang, spesielt hos dei aller nyaste medlemmane i korpset. Forrige veke hadde dei nokre øvingar utan instrument, fordi trucken som bringer instrumenta var til service. Då hadde dei lifeskills og teambuilding med ungane. Dette har ikkje vore vanleg før seier dei, då har dei som regel berre avlyst øvinga. Det er flott at dei ser nytta av å ha slike aktivitetar med ungane, sett at Field Band Foundation er i all hovudsak ein organisasjon for å fremje sosial utvikling for barn og unge.
|  Nolubabalo underviser. Det er ikkje nok trompetar til at alle kan spele samtidig, så det går på rundgang. |
|  Freddy og Heidi. Freddy er RC, regional coordinator, og er innom afternoon sesssion av og til. Alltid blid! |
På onsdagar har vi individuelle speletimar og eg har time med Blondie. Phumezo, Sabelo og Sakhiwo. Tre barytonar og ein tuba. Dei har veldig mange innarbeidde uvanar og i bandet er det lite fokus på anna enn å spele rett tone og rytme. Så ein vanleg speletime handlar som regel mest om å puste rett, bruke nok luft og å ”blåse gjennom” instrumentet og tonen. Arbeidar og med tungebruk og introduserte ein av elevane for dobbeltunge. Dette hadde han aldri høyrt om før og han var heilt imponert over denne fantastiske teknikken. No kunne han jo spele dobbelt så fort som med enkelttunge! Kvifor hadde ingen fortalt han om dette før? Wow! Han fekk tre sider kopi frå Arban-boka mi og var svært så ivrig.
I lifeskills på torsdag hadde vi om diskusjonar. Korleis skal ein opptre i diskusjonar med andre? Korleis kan du på best mogleg måte få fram di side av saka slik at du kan få den andre til å forstå deg og eventuelt òg bli einig med deg? I tillegg til å trene seg å dette hadde vi og valt ut emne som vi synest det er viktig for dei å sjå ulike sider av. Vi snakka om sambuarskap, fyllekøyring og omskjering. Siste tema vart ikkje berre enkelt, ein av lærarane syntes dette var fryktelig vanskelig å snakke om. Dette er veldig personleg for nokon, ettersom dei alle fleste gutane her er gjennom dette ritualet. Dei andre meinte derimot at det ikkje var nokon grunn til at ein ikkje skulle snakke om det, dei meinte det var viktig og nødvendig. Dei fleste omskjeringane føregår i fjellet og etter gamle og tradisjonelle rutinar. Infeksjonar og dødsfall skjer framleis som følgje av uhygieniske forhold og dårleg utstyr. Det er ein vanskeleg balansegang å ta opp slike tema. Vi prøvar å forstå at dette er viktig for dei, samtidig som vi forsiktig prøver å få dei til å sjå ulike sider av saka. Ikkje enkelt – men interessant og utfordrande.
Sidan morning session måtte avlysast på tysdag vart det ny morning session på fredag, i staden for vanleg kontordag. Vi inviterte alle lærarane heim til oss og hadde morning session der – etterfølgt av ein heimelaga lunsj som eg og Heidi hadde stelt i stand kvelden før. Vi hadde pastasalat, grønsaksform, arme riddarar, pølse og toppa det heile med to former ”tilslørte bondepiker”! Dei åt ivrig og enkelte kasta seg vel nærast over maten. Min første tanke er at dei kan vere litt uhøflege, før eg tenker på at dei sjeldan får så mykje mat og drikke. Det er rart og tungt å tenke på for meg. Etter lunsjen og desserten drog vi på stranda for å bade – og dei var heilt ville! Ikkje så ofte dei er ved sjøen sjølv om dei berre bur ein time unna. Dei sprang rundt i bølgjene og ropte og skreik. Dei hadde det kjempemoro, så eg vart nøydd til å kaste meg ut i eg og.
|  Her går vi laus på maten! |
|  Sakhiwo tjente seg 20 rand på ein grundig bilvask. |
No er det laurdagskveld og eg og Heidi har tilbragt fridagen ved bassengkanten. Det kostar 5 kroner å bade i det offentlege bassenget, ikkje noko å seie på prisen. Elles har vi sett DVD frå den lokale videosjappa – filmen om 9/11 anbefalst ikkje!
| Skrivinga av denne artikkelen er akkompagnert av Heidi si klimpring på minipianoet, som har eit spenn på ein og ein halv oktav. Innkjøpt for 80 kroner på leikebutikken. Det må vel seiast å ha sine begrensingar, men det gjer nytta! Ho arrangerer temaet frå Harry Potter til neste ensembletime. I morgon satsar vi på eit nytt besøk i bassenget, vi må nemleg jobbe litt med å oppretthalde brunfargen for tida. Det går mot vinter her nede og vi kan jo ikkje kome heim til Noreg å vere bleike etter ti månader i Afrika! No er det under to månader igjen - tida fyk! |
|  |