På lørdag kom endelig den store dagen vår, dagen vi hadde gleda oss til i godt og vel eit halvt år. Det var mykje å ordne før dagen, spesielt torsdag og fredag. Då var vi på handletur i fleire timar for å skaffe alt vi skulle ha. Endå vi hadde handla inn mykje på førehand er det utruleg mange småting ein treng å tenke på når ein arrangerer heile festen sjølve. Dagen før dagen pynta vi lokalet og gjorde alt klart. Det vart hektisk då klokka plutseleg var blitt litt for mykje og brura måtte ile til byen for å hente kjolen. Trond stod att med bordkortskabalen, som i utgangspunktet var lagt av brura... men som kjent kan det av og til gå litt i ball for dinna brura her, så det var opptil fleire feil i antall gjester og plassering så det vart ei hektisk siste tørn for Trond. På kvelden møtte vi nokre av gjestane på Dickens og tok oss eit par øl (og liknande) for å roe nervane. Vel tilbake på hotellet slokna vi før vi nådde puta trur eg.. Eg hadde bekymra meg litt for at eg skulle vere nervøs og bli liggande våken, men den bekymringa var ubegrunna. Sov som ein stein til klokka ringte.
 |
| Her er eg i ekte bestemorstil |
Neste morgon drog eg til frisøren kl 09.00. Her vart det rulla og tørka for å forberede til oppsettet. Innimellom vart det og lagt make up. Birte, forloveren min, kom kl 10.00. Då kosa vi oss med frukt og musserande vin - nok ein gong var alkoholen grei å ha for å roe ei oppspilt og nervøs brud! :D Eg fikk og overrakt eit album med bilete frå utdrikningslaget. Der var det og helsingar frå alle venninne som var der, og dagens første tåre vart tørka frå augekroken.
Systra mi og svogeren min, Stine og Kenneth, henta oss og kjørte oss til kyrkja. Stine debuterte
med bykøyring- det gjekk strålande! Vi vart
nokre få min for seine til kyrkja, men ankom
vel akkurat kl 14. Der stod pappa og venta, trur han trippa litt der han såg etter oss :) Måtte ta meg sammen for ikkje å begynne å sippe allereie då, var litt redd for at dersom slusane først opna seg så kom det til å renne over..
Klare til å gå opp golvet spurde pappa om vi skulle fort eller seint. Seint! svarte eg.. og sette avgårde i eit rasfort tempo, så pappa måtte nappe meg i armen og be meg roe ned litt.. :D

Det var veldig kjekt å sjå alle som var møtt opp i kyrkja og eg var egentlig ikkje så nervøs lenger - det var bare stas. Framme ved alteret stod Trond og venta - så utrulig flott i ny bunad!
Sjølve vielsen gjekk veldig fint, vi svarte ja på rett plass og gjentok løfter etter presten. Oster spelte nydeleg musikk og alle hjerter gleda seg - o lykke! :D
Til tonane frå Jan Magne Førde sin bruremarsj gjekk vi ut på kyrkjetrappa. Sola kom fram og vi smilte og sussa til alle fotografane hadde fått sitt - ikkje oss i mot! :D Resten av dagen får eg fortelle om seinare, det vart mykje å skrive om dette her!