torsdag 10. januar 2008

Tilbake til kvardagen

Etter to veker med ferie, seine kveldar og late dagar er det tilbake til kvardagen. Klokka uler kl 07.00 og eg slepar meg opp av senga. Dei neste par vekene blir det ein del studering, sit på lesesalen på NTNU og skriv oppgåver. For dei som ikkje er opplyste tek eg altså engelsk mellomfag, nettbasert undervisning. Det tilsvararr eit halvt års studier, men eg tek det over eit år. Eg tek faga "britisk media" og " språk og kommunikasjon" - har vore ganske tungt fram til no, men det byrjar å løsne og det er no endå godt!

For utan skulearbeid og litt jobbing innimellom er det det store bryllaupet som tek mykje tid. Det nærmar seg veldig, tre månadar att no! Har begynt å få ein del på plass, men mistenker at det fortsatt er mange småting eg ikkje ein gong har tenkt på. Uansett, så er vi begynt å gle oss veldig til den store dagen vår og det er vel så smått også litt smånervøse sommarfuglar i magen, i alle fall på brura sjølv :)

I tillegg til bryllaup så skjer det mykje utover våren. Neste veke reiser vi til Bergen. Eg skal vere med Oster på NM for brassband og må få med meg litt øvingar, i tillegg til at eg skal jobbe nokre veker på Knarvik Barneskule. Trond reiser på guttetur til Bad Garstein i Østerrike, der skal stå på ski og sikkert drikke mykje øl - fem dagar til ende :) Han får få lov til å ta seg ut mens han enno kan, 4.februar fyller han nemlig 30 år! Skal sei... Det blir nok litt feiring, men den heilt store festen tar vi nok ikkje, ettersom det er ein nokså stor fest i april.

Så vi kavar på her oppe i trønderland, prøvar i tillegg å legge inn litt trimming. nytt år, nye muligheter og alt det der. Svømmer litt, står på ski og tar en joggetur i ny og ne. Tok med meg Trond på joggetur her om dagen og oppdaga at det var eit dårlig triks.. Det er ikkje noko kjekt å holde tritt med ein nesten to meter høg mann med laaange bein. Nei, heretter joggar eg aleine i eige tempo trur eg.

Godt nytt år!