fredag 29. desember 2006

Shakaland og zulukultur

Etter å ha feriert i Krügerparken og Graskopområdet sette vi kursen mot austkysten og Shakaland. Shakaland er eit hotell bygd opp rundt dei opprinnelge kulissane til innspeling av TV-serien "Shaka Zulu" som vart spelt inn i 1985.

Etter ein heil og lang dag med bilkøyring kom vi fram til Shakaland. Dette er ikkje eit heilt vanleg hotell, det merka vi allereie ved ankomsten. Vi køyrde på ein lang og humpete grusveg før vi kom fram og blei møtt av ei bråte med geiter, kyr, okser og høns. Vi vart innkvartert i vår eiga hytte, med stråtak og bambusveggar. Desse hyttene var opprinnelege zuluhytter, om enn litt tilpassa vestleg standard og hotellstandard. Zulufolket hadde vel neppe flislagt bad og vifte i taket.. Vi hadde bestilt eit eller anna juletilbod som til Trond si store glede viste seg å innkludere ein stor middagsbuffét kvar kveld, i tillegg til frokostbuffét sjølvsagt! Så vi åt som hestar i fire dagar, dei fleste har vel sjølv erfart buffétsyndromet.

Det var organsiert Zulu-opplegg morgon, ettermiddag og kveld. Vi følte oss vel litt vél turistaktige der vi gjekk mellom lettkledde Zulufolk og vekselsvis filma og fotograferte dei. " You are more than welcome to have your picture taken with the Zulu chief, he is not afraid of the camera!" I ekte turistånd takka eg ja til tilbodet og smilte mitt mest blendande smil, side om side med ein Zuluhøvding. Sjølv om det sjølvsagt vart litt turistaktig så var dette nokså ekte. Zulufolk på området var ordentlege zuluar og dei bur fast på hotellområdet i ein eigen liten landsby. Det var ikkje tillatt for oss å gå inn på dette området utanom på særskilte tidspunkt. Vi fekk vete mykje om kulturen til zulufolket, bla kostar ei kone 11 kyr og ein mann kan ha så mange koner han vil. Mannen har ikkje ein fast bustad ettersom han må vere ei natt her og ei natt der for å halde konene sine tilfredsstilte. Skulle det derimot røyner litt på inn i mellom kunne han ta seg ei natt i fred og ro i ei mindre hytte på området. Jaja, det er hardt å vere mann!

Vi fekk og prøve ut litt zulukultur i praksis; vi var med på ølsmaking, spydkasting og kampteknikk med pinnar. Har ikkje tatt bilete av dette, sjølv om det nok kunne blitt ein del blinkskot. Under ser de bilete av ein som i alle fall hadde stilen inne.

I bakgrunnen ser de hyttene vi budde i. Til høgre er zuluhøvdingen, i ferd med å avslutte laginga av eit spyd.

Her ser de mennene i tradisjonell zuluantrekk lagd av skinn frå impalaer. Opprinneleg hadde dei ikkje noko under desse skjørta, men etter litt observering kunne eg konstantere at alle saman hadde på seg små svarte truser, i sloggistil :)

Ovanfor er ei kvinne midt i øllaginga, ho silar ølet gjennom ei strømpe av strå og tøy slik at det vert tynt og reint. Zuluølet er mellom anna laga av maismjøl og smakte nokså bittert.

Julekvelden i seg sjølv vart feira i hytta vår. Trond hadde med gåver frå familie og venar heime og det sette eg stor pris på. Fekk blandt anna Sissel Kyrkjebø sin samlecd av syskena mine, så når "Vestland, Vestland" tona ut frå cd-spelaren merka eg at lengta litt heim til gamle Noreg. Jula er liksom ikkje tida for å endre på gamle tradisjonar og eg føretrekk norsk jul til fordel for zulujul heretter! Må likevel seie at julekvelden vart koseleg og det kan vel vere greitt å ha opplevd jul utanfor landegrensene? Eg merka i alle fall at jula betyr meir for meg enn eg kanskje trudde før eg drog, klompen vaks kraftig i halsen når eg fekk heile familien på tråden ut på kvelden, direkte inne frå julefeiringa i stova heime på Raudeberg.

Til høgre for senga ser de årets juletre; ein baststol med litt julepynt på toppen! :)

I morgon reiser Trond heim att og det vert naturleg nok litt trist. Vi har hatt drøye to veker saman og har hatt ein veldig fin ferie! Så no vert det nokre månadar med laaang avstand igjen. Det er tungt inn i mellom, men tida flyg her nede og plutseleg er eg heime. Er nesten byrja å bli bekymra for at eg ikkje skal få sett alt eg har lyst til før eg må reise heim!

EG YNSKJER DYKK ALLE EIT RIKTIG GODT NYTT ÅR!

fredag 22. desember 2006

Natur og pannekaker!

No har vi vore tre dagar i Graskop, vest for Krügerparken. Vi bur på Graskop Hotel, eit koseleg lite hotell med mykje Sør-Afrikansk kunst. Vi har farta rundt i området og sett på naturen her, det er stort sett det denne plassen har å by på. I tillegg til pannekaker!


Her er det pannekaker på kvart eit hjørne, av ein eller annan grunn som eg ikkje forstår. Dei er fylte med alt frå spinat til sjokolademousse, vi har prøvd ut eit par sortar og min konklusjon er at pannekaker ala mamma, med bacon til, er og blir det beste! Nok om maten, her kjem nokre bilete frå dei siste dagane :)

Her er eg inne i Sudwalarottene, hundre meter under bakkenivå. På ein ellers så varm dag var det svalt og godt å vere inne i mørkret! Grotta er av dei eldste i verda og har spesielle drypsteinsformasjonar. Den er totalt tre kilometer lang, men vi var berre i den ytterste delen, som var open for folk flest.
Vi gjekk krumbøygde gjennom delar av grotta, medan det andre stadar opna seg store hallar. Var vanskeleg å ta bilete fordi vi ikkje kunne bruke blits. Grunnen til det var at dei gravide flaggermusene kunne spontanabortere som følge av det sterke blitslyset!
Her ser de jettegrytene ved Bourke's Luck. Elva har greve seg ned gjennom fjellet gjennom tusenvis av år og etterlatt seg fasinerande formasjonar.

I tillegg til å rusle rundt med kameraveska på magen og sandalar i sokkane så får vi sjølvsagt også tid til å kjøpe litt souvenirar! Eg nyttar anledninga til å sende ting med Trond heim, det vert nok meir enn nok i bagasjen når eg sjølv skal heim i juli. Her handlar eg steinfigurar i den gamle landsbyen Pilgrim's Rest. Landsbyen oppstod då det vart funne gull i området på slutten av 1800-talet.

Eg er ikkje nokon kløppar på å prute, i tillegg til at eg synst det blir litt feil for meg å prute på ein figur som i utgangspunktet kostar ca. 10 NOK. Dei få kronene eg kunne ha spart treng nok desse kvinnene meir enn meg.

Det skal likevel seiast at når eg fann samme bokstøttene her som eg kjøpte på marked i Johannesburg, til 70 rand i staden for 250... då var eg ikkje like godhjerta - snakk om å ha blitt lurt! :)

Dette er frå "God's Window", eit av dei mest kjente utkikkspunkta i Sør-Afrika. Vi var noko uheldige, det var nemleg ein del skodde i dag. Området rundt var særs frodig og vi gjekk gjennom ein liten regnskog på vegen til utkikkspunktet.

Til slutt eit bilete av ein av dei mange fossane i området. Dette er Mac Mac Falls, som er 65 meter høg. Lenger borte låg Mac Mac Poold, der det var naturlege kulpar og basseng som ein kunne symje i. Eg tok meg ein forfriskane dukkert, mens Trond sat på land, i påskudd av at det heile trass alt måtte dokumenterast.. Jaja, deileg var det i alle fall. Trass iherdig fotografering og filming frå fotografen si side, bikinibileta blir ikkje lagt ut i denne omgang! :)


onsdag 20. desember 2006

Dei fire store i Krügerparken

I dag tidlig stod vi opp kl 04.30 for å dra på safari! Vi er innkvartert på Malelane Sun Hotell, heilt sør i nasjonalparken, som er Sør-Afrikas største. Målet var å få sjå alle ”dei fem store”, men som du ser av overskrifta såg vi berre fire av dei – i tillegg til mykje anna!

Vi fekk ein kjempestart på safarien! Etter berre fem minutt vart guiden vår svært så ivrig, grunnen til dette var nemleg rykande fersk elefantbæsj! Dette betydde at var elefantar i nærleiken og like etterpå møtte vi ein flokk elefantar. Far sjølv var ein skikkeleg sværing og han var slettes ikkje i godlunet – til tross for at sola strålte frå ein skyfri blå himmel!

Han sette kursen mot bilen vår og var berre få meter unna då guiden bestemte seg for at nok fekk vere nok og trakka inn gassen så vi kom oss unna. Etterpå fortalde han historia om ein som hadde venta litt for lenge ein gong og dermed plutseleg fått snudd heile bilen opp ned av elefanten!

Turen gjekk vidare rundt om i parken og vi fekk sjå utruleg mange ulike artar. ”Dei fem store” er løve, elefant, leopard, bøffel og nasehorn. Vi såg alle utanom leoparden, som få får sett ettersom den er nokså sky. Forutan desse fire store såg vi mellom anna impala, springbukk, sebra, flodhest, vassbukk, apekatt, vortesvin, orangutang, sjiraff og mange fuglar. Vi var heldige og fekk til og med sjå nokre løver som hadde drepe to bøflar som dei slafsa i seg! Den eine var dei ferdige med så der krangla gribbane hefting om restane, mens to løver låg i skuggen med siste del av bøffel nummer to.

Impalaflokk

Mykje av tida på ein safari går med til å speide etter dyra og det kan tidvis gå lenge mellom kvar gong ein ser spanande dyr. Dei kamuflerer seg utruleg godt og det er ikkje alltid så lett å sjå kva det er som rører på seg mellom gras og busker.

Dette kan kanskje forsvare at eg utbraut ” Oh, it’s a lion!”, når det som ruslande ut på vegen faktisk var ein sjiraff?! Eg fekk i alle fall blikket av Trond og guiden tenkte vel eit og anna om den litt forvirra jenta frå Noreg. Som sjølvsagt måtte beordre safaribilen til å snu etter to min, fordi ho hadde gløymt tape til videokameraet. ..Eg er meg sjølv lik, i tilfelle de er bekymra for det der heime!

Kudu, en antilopeart. Bavianmor og babyen hennar.

No ligg vi strak ut på hotellrommet etter ein svært lang dag, safarien varte til 16.30.Vi toppa dagen med ein herleg buffét til middag, Trond fekk blandt anna smakt på strutsekjøt! Jula i Sør-Afrika er ikkje så verst likevel!

søndag 17. desember 2006

Endeleg kom nissen!

På onsdag kom han endeleg, han eg har venta så lenge på... Med julegåver, pinnekjøt, kålrabistappe, riskrem og ekte norsk melkesjokolade!

Trond er her :) Etter nesten tre månadar frå kvarandre er det vel unødvendig å seie at gjensynsgleda på flyplassen var veldig stor! Så no er colgategliset på heile dagen og eg har det veldig bra!!No ser vi fram til nesten tre veker saman her i Sør Afrika, det vert herleg!

Vi var i Johannesburg til fredag for å a ha medarbeidersamtaler med Silvelin frå NMF. Deretter bar det rett heim til Pretoria for å ha ein skikkelig julekveld.

Vi inviterte to norske vener, Ingrid og Lars Erik, slik at vi kunne spreie julegleda til flest mogleg :) Med julemusikk, julestjerne på bordet, nisseluer og herleg lukt av pinnekjøt vart det plutseleg skikkeleg julestemning – trass i at vi gjekk i shorts og at det var 30 varmegrader!

Tradisjonen tru gjekk vi stappmette frå bordet!

Ingen sure miner denne kvelden nei!

Det vart ein koseleg kveld, avslutta med litt drøsing i sofakroken og eit par flasker god vin. Sjølv om eg gjerne skulle hatt litt snø utanfor vindauget og eit grønt juletre i stova så trur eg ikkje jula kjem til å bli så aller verst likevel!

I dag har eg, Trond, Ingrid og Lars Erik vore på piknik i ein botanisk hage her i Pretoria. Nok ei koseleg stund og nok ein gong med mykje god mat! Så det er ikkje noko problem å fråtse i mat sjølv om ein manglar julekaker, sylteflesk og moltekrem..

I morgon køyrer vi Heidi til flyplassen, ho skal feire jula hos andre Fredskorpsvenner i Tanzania. Eg og Trond reiser til Krügerparken måndag, der skal vi på safari i eit par dagar. Turen går vidare til Graskop, vest for Krügerparken, eit område kjent for mykje fossar, elver og flott natur. Til slutt dreg vi til Shakaland, nord for Durban. Her vert det Zulukultur kombinert med strandliv. Eg kjem til å skrive på bloggen undervegs så klikk innom når de sitt og hutrar der heime i Noreg!

God jul til alle dykk der heime!

Hilsen jentene i Pretoria!

søndag 10. desember 2006

Concert, brai and African time!

Yesterday we had the ”End of the year concert” and it all turned out well… eventually! The concert was going to start at 3, but… this is Africa!

We were there at 3, but I and Heidi were the only ones! After a while the kids started showing up. At 3.45 the teachers in the band came. Still there was no sign of any guest, so I was a bit worried. There was no point in starting the concert without an audience! Suddenly, around 4 people started showing up. They came walking in, one after the other. We started the concert at 4.30, just 1, 5 hours too late! Once the concert started, everything went well and we all enjoyed ourselves. The band played a lot of songs and the kids had many items besides music. There were ballroom dancing, gum boot dancing, singing, drag show (!) and a lot more. The concert lasted for three hours and even though I was hot, hungry and a bit tired at the end, I must say that it was a great concert.

This picture is from rehearsal before the concert, the youngest of the dancers in the band. These girls can really move!The pictures from the concert was too dark to use and no one could stand still long enough for me to take a decent photo.. :)

We had also invited two Norwegians that we have got to know down here and Marit and Ellen were there too, so we had a little small Norwegian colony at the back. Our “new Norwegian friends”, Ingrid and Lars Erik, had never heard a field band before, but I think they enjoyed it. Besides, it was fun for us to show them the band and what we work with when we are in the township.

The band was going to finish off the year with a brai today, that it a traditional African barbeque. This turned out to be another great example of African time! The brai was going to start at 2, but we did not get there before 3 because we just knew that there were no way things would be read at 2. Right we were! We were the first ones to show up, again! The rest showed up shortly after, only to realise that no one was there to unlock the door. Floppy tried to find the guy with the key, no luck…He had probably left after having waited for them for more than one hour.

We sat in the car for three hours because of the rain. It was packed with small girls - and Olwethu, who is Floppy's son.

Olwethu tried out every button and every thing he

could find in the car- including Heidi's sunglasses!

To make a long story short; me and Heidi left after three hours. The rest were still waiting, just in case the guy would show up... So we have spent quite a few hours waiting this weekend! African time can really get on my nerves…

onsdag 6. desember 2006

Preparing for the big concert

The band is having a big concert this saturday, called "end of the year" concert. We are rehearsing every day this week, but we still have a lot of work to do.

Today it is wednesday, and the concert is on saturday. The hall is booked and the kids are selling tickets for R5 each. The kids have many ideas for what they want to do at the concert, the problem is to actually get it done. They finished school last week and some of them ( a lot actually) are obviously taking some days off. There have been few kids attending afternoon sessions and this is, needless to say,a big problem. In addition to playing full band at the concert they will also have different numbers with small groups. Everything from dancing, comedy, gum boot dance to choirs. We were going to rehearse in small groups today, but only one group was complete because too many kids did not show up. The "gum boot dance" group however, was there and ready! The dance is great! I am sure that by the end of the week we will be ready and I am looking forward to the concert. I am still struggling to come to terms with the African way of doing things - " everything will be alrigth, the kids will show up eventually"... Hard being a Norwegian, trying to do some planning and to be just a little bit more effective some of the Africans!