torsdag 20. desember 2007

Heimelaga sushi!

Etter eit år i Sør-afrika med fem andre som elska sushi gjekk det som det måtte gå - no elskar eg det! Problemet er at det er litt dyrt å kjøpe ute så det blir ikkje ete så ofte. Så då fann eg og Trond ut at vi måtte pørve å lage dette sjølve! Etter einhandletur på Matvarehuset Ultra hadde vi det vi trengte : sushiris, riseddik, wasabi ( malt pepperrot), bambusmatte, soyaolje, sylta ingefær, nori ( matte av sjøgress), laks og reker.

Å forberede risen var halve jobben og etter mykje skyling, trekking, koking og kviling var den klar - og den blei veldig bra!

Nokre bileter frå den store kokkeleringa:


Litt store betar, men smaken var topp!Tommelen opp frå Trond :)

onsdag 20. juni 2007

Snart heimreise

Det nærmar seg avreise og tid for ettertanke. Det er omtrent to veker til eg skal reise heim og det er ti månadar sidan eg sat på flybussen og stortuta.

Eg kan godt innrømme at eg synst det var veldig tøft å reise frå sambuar, familie og venner heime i Noreg. Difor synst eg og at den første tida i SA var ganske tung; finne seg til rette i eit nytt land og ein ny jobb. I tillegg gikk vi med hjertet i halsen til å begynne med, vi trudde omtrent at vi blei knivstukne og rana berre vi gikk utfor døra.

Etter kvart som vekene gjekk blei eg fort vant til kvardagen min her nede og eg har verkelig hatt ei fantastisk tid. For all del, det har ikkje bare vore enkelt. Jobben er utfordrande, spesielt med alle skilnadane som ligg i det store spennet mellom norsk og sørafrikansk kultur, kanskje mest med tanke på den svarte kulturen. Men så er det no også dette aspektet som har gjort året mitt til akkurat det det har vore!

Perioder og stunder som har vore tunge er gløymt no og det er dei positive minna eg tek med meg tilbake til Noreg; den varme sola, dei kvite smila, dei engasjerte elevane, dei koselige gamle damene på senteret vi har haldt til, nykokte maiskolbar, dei sure tonane frå mellofonane, store lepper rundt små munnstykke, engasjementet til dei som blei introdusert for dobbeltunge og syns det var verdens luraste oppfinning, hissige Nolubabalo som synst gutane på jobb kan vere litt travle, folk som ler seg i hjel når du viser dei bilete av dei på digitalkameraet, dambibrød med biff og saus, uttrykk som ” Oh, now I see!” , og ”thank you for coming down and boosting our youngsters”, dansing og synging i pausane, lyden av apekattar som spring rundt på taket om natta, ukjente folk som vinkar til oss når vi køyrer inn i townshipen, grilla lammekjøtt, ” morning, how are you?”, klemmen eg fikk av Phumezo før han drog, Thoko som var så engasjert når ho møtte oss første gongen at eg måtte tørke meg i ansiktet etterpå, billig sushi, masse frukt og grønsaker, eit field band som spelar fjorårets tjue minutts championship program i fortissimo sjølv om dei berre hugsar halva av det, Mashadi som blei kjempeflau og kjempestolt når ho fekk spele solo.. Eg kunne nemnt hundre ting til!

Etter ti månadar er det rart å tenke tilbake på alt dette og at eg no må reise frå det. Eg har heile tida hatt eit stort fokus på å reise heim att til noko, no er fokuset på at eg skal reise i frå noko. Det som er verst er at eg aldri kan få igjen det eg har hatt her nede. Eg kan reise ned att på ferie og besøk, men dagleglivet mitt og alle dei små tinga som har gjort året mitt til det det har vore kjem eg aldri til å få igjen.

Eg er spent og usikker på korleis det vert å kome heim. For folk der heime kan det kanskje verke som at ein gjer det til ei veldig stor greie å kome heim att – men det er ei veldig stor greie! Eg har opplevd ting, på godt og vondt, som alltid kjem til å vere med meg. Ting som eg kanskje ikkje klarer å forklare med ord, hendingar som ein må ha opplevd sjølv for å skjønne betydninga av. Eg veit ikkje korleis eg kjem til å reagere på alt når eg har reist, kanskje går det heilt fint, kanskje vert det veldig tungt. Uansett vert det godt å kome heim til alle mine kjære. Det har vore vanskelig for meg å vere så langt vekke frå dei, til trass for mange telefonsamtaler og besøk av fleire av dei.

Tårene trillar og trillar no og det lar seg vanskelig stoppe.. I morgon er det vår aller siste dag i East London og alle lærarane kjem på besøk til oss. Vi skal ete masse snop og pizza, sjå film, kose oss og til slutt seie farvel. Eg har inga aning om korleis ein seier ”ha det” til nokon som ein har blitt så glad i og som ein kanskje aldri ser igjen..

Tull og tøys før morning session startar

Meg og to av damene

SÅ engasjert er Emmanuelr når korpset har parade!

Birthe og Nesipi

fredag 15. juni 2007

Surprise!!

Etter nærare ti månadar i Sa har vi lært oss å gjennomskue dårlege løgner og skrønehistorier. I dag klarte derimot lærarane i bandet å få oss skikkelig på limpinnen!

Vi har vanlegvis ikkje morning session på fredagane, men regionalkoordinatoren sa at dei skulle ha ein ekstra session i dag. Han hadde fått tak i ein som skulle komme å snakke med lærarane om life skills, planlegging og andre viktige emner. Vi vart spurt om å komme å vere med. Vi var ikkje så veldig gira i utgangspunktet ettersom vi var sletne etter ei lang helg i Johanneburg med ei påfølgande hektisk arbeidsveke. Men, men.. ”Jau då, vi kjem!”

For å gjere i lang historie kort så var det ingen mann der for å snakke om life skills – surprise!! Dei hadde kjøpt inn grillmat, brus og snacks og lagd ein liten fest for oss sidan vi snart skal reise. Vi var totalt uforberedt og hadde verkelig ingen mistanke. Vi fekk overrakt heimelaga smykker og vesker i presangar og når Phumezo holdt ei lita tale om kor mykje dei sette pris på dei tre siste månadane rant det over for ei allereie følelseslada Birthe.. Tårene trilla og eg prøvde så vidt å seie litt om kor fint vi har hatt det her og, men gav meg fort. Ein litt trist, men svært koselig dag!

lørdag 2. juni 2007

Ditt og datt - tida flyg i SA!

Igjen er det helg og akkurat som sist helg sit eg og lurer på kvar i all verda veka vart av? Dagane går fryktelig fort unna for tida! Datoen for heimreise og dermed også farvel til Sør-Afrika nærmar seg veldig… Her er litt "nytt" frå siste veka.

Forrige helg hadde vi besøk av Ellen, Marit, Henrik og Henning – dei fire andre nordmennene som jobbar her nede. Vi planla den nasjonale workshopen som vi skal ha i slutten av månaden.




Då vi kom ned hit var denne workshopen noko som låg fryktelig langt fram i tid, det var jo det siste vi skulle gjere før vi drog! Vel, no er plutselig workshopen rett rundt hjørnet. Uansett, så var det veldig kjekt å sjå igjen dei andre, vi har ikkje vore samla sidan i januar. Vi hadde mykje å snakke om og mykje å planlegge, men effektive som vi er fekk vi sjølvsagt tid til å vere sosiale og. På fredagskvelden hadde eg og Heidi heimelaga jeopardy, med kategoriar og spørsmål du garantert aldri har sett, eller vil få sjå, på TV :) Ellen og Marit gjekk av med sigeren, mens Henrik og Henning kom på 2.plass…


Henrik og Henning reiste tilbake til Port Elizabeth på laurdagen, så då vart det jentehelg fram til måndags morgon. Vi måtte sjølvsagt vise dei litt av byen og livet vårt i East London. Vi gjekk på vår stamstad, restauranten Avanti, der vi åt ”tapas platter for two” – ein sikker vinnar som vi et både titt og ofte. På søndag var vi inn til sentrum og gjekk på marknad ved beachfronten ( det snik seg inn mange engelske ord etter ni månadar merkar eg..). Vi kjøpte oss nokre smykke og Heidi kjøpte seg et maleri til å ta med heim.


Jeopardy, mimekategorien.

Så mange nye smykker - til R10 pr.stk !! We like !

Deretter drog vi ut til townshipen, Mdantsane. Phumezo og ein kamerat møtte oss på Man’s, som er den lokale puben. Her var det ei jasstilstelning med levande musikk og det viste seg at Sakhile, som spelar i field bandet, var med å spelte. Han blei litt flau når det plutselig var nordmenn i publikum, men han spelar utruleg bra! Sjølv om han sjølv i all beskjedenhet omtalar det som ”forsøk på å spele”… Han improviserer og hyler ut høge tonar betre enn eg nokon gong kjem til å gjere i alle fall. Etter turen til townshipen var det tid for middag – sushi sjølvsagt! :) Det er blitt min nye livrett, eg hadde aldri smakt det før eg kom ned her. Heidi var derimot ein ihuga sushielskar, så då hadde eg ikkje noko val :) No er eg hekta…

Elles har det vore ei bra veke på jobb, med unntak av eit par rundar med alvorsprat frå mi og Heidi si side. Dei hadde fått ei gruppeoppgåve forrige veke, som dei har fått god tid til å førebu, presentasjonen var på tysdag. Dette er den tredje presentasjonen dei har og vi har rettleia og korrigert etter beste evne heile tida, slik at dei skal bli betre. Det som vart presentert for oss på tysdag var derimot av begredeleg kvalitet. Det var

tydeleg at ingen hadde førebudd seg noko særleg, det var ikkje noko form for samarbeid og alle lette etter orda og famla seg gjennom sin del av presentasjonen. Vi sa som sant var i var utruleg skuffa over at dei ikkje gjorde det betre. Det er ikkje det at dei ikkje kan, vi forventar ikkje noko anna enn at dei prøvar å gjere sitt beste. Men når tida dei fekk til førebuing tydeligvis har gått med til alt anna enn å førebu seg merka eg at frustrasjonen og sinnet steig. Eg har sagt om og om igjen at det ikkje er nok å planlegge noko på papiret. Ein presentasjon må prøvast ut før du skal ha han. Dette har dei erfart ved dei forrige presentasjonane sjølve. På spørsmål om korleis dei synst det hadde gått innrømte dei å ha gjort ein slett jobb. Dei visste så altfor godt at dei ikkje hadde gjort det som var forventa av dei og ingen klarte å sjå på oss mens vi snakka til dei. Dei fekk beskjed om å ha presentasjonen att på torsdag og heldigvis var den mykje betre då! Innhaldet var framleis det same, men no hadde dei i alle fall øvd seg litt på det dei skulle seie. Med trykk på litt, for det er framleis mykje som kan lærast :) Men det var forbetring, det skal no vere sagt!

Gruppeøving med Riaan på afternoon session

Vi har og hatt ein del om arrangering i det siste og dei har begynt å arrangere enkle trestemte melodiar. Dei har tatt dette fort og det er veldig kjekt å sjå framgangen! Fleire av dei som har streva litt i teori byrjar å få enkelte aha-opplevingar. Det same gjeld for spelinga, dei spelar reinare, betre og kjem seg stadig i notelesing óg. Vi håpar det sit igjen når vi dreg og når dei er overlatne til seg sjølv. Eit av minusa med prosjektet er att det ofte dett saman når nordmennene dreg. Vi er tre månadar på kvar plass og i denne intensive perioden lærer dei mykje, men det rekk ikkje å bli implementert skikkeleg og når vi dreg har dei lett for å dette tilbake til gamle vanar. Gamle uvanar…. Vi må uansett fokusere på det positive og håpe at dei kan klare å ta med seg det dei lærer vidare. Det er i alle fall veldig kjekt å undervise staben her i EL – tenk at om tre veker skal vi dra herfrå!! Workshopen er i Johannesburg og to dagar etter den er det heimreise.. Det kjem nok snart ein artikkel om det også snart for det kvernar rundt i hovudet heile dagen..

Eg nyt siste tida mi i SA etter beste evne og prøvar å ikkje tenke så mykje på heimreise og alt som høyrer med. Lørdagskvelden i SA ligg foran oss og etter ein tur på stranda i skikkelig masse vind ligg det at til ein roleg kveld heime. Vi har blinka oss ut ein bra film på TV og skal vel lage oss litt middag snart. Deretter har eg store planar om ein runde med pannekaker med sukker, kanel og vaniljeis :p God helg!

tirsdag 22. mai 2007

Kuldesjokk!

Sør-Afrika er langt frå varmt og solrikt for tida, denne veka har så langt vore iskald! Vêrmeldingane på søndag varsla kuldebølgje over landet, og verst er det i Eastern Cape, som er her vi bur! Ikkje langt frå East London har den første snøen falt og i mange av byane i området er gradestokken under null.

Temperaturen sank til rundt 5 grader her i East London og kombinert med sterk vind er kulden bitande. På måndag gjekk eg og Heidi rundt som afrikanarar i Noreg, vi kunne nesten ikkje tru at det kunne vere så kaldt og klarte knapt nok å fungere. Ikkje var vi godt nok kledde heller, etter ni månadar i SA hadde vi tydeligvis gløymt kvar vi kjem frå!

Vi har morning session i eit lite og trekkfullt murhus, utan noko form for oppvarming. Kaffi- og tepausene er difor hyppige akkurat no! Det er ikkje berre lett å ha undervisning når ein er iskald i ansiktet, instrumentet aldri vert varmt og fingrane er stive, men vi klarer oss! Vi får berre håpa at denne kuldebølgja ikkje varer så lenge. I dag tidleg fann eg fram stillongs, ulltrøye og ulvangsokkar – pluss tre lag utanpå det igjen! Ingen fortalte meg om dette på førebuingskurset til NMF!:)

Phumezo, som skal til Noreg til hausten, kom bort og spurte om det var så kaldt som dette i Noreg… Jepp, det er det – og langt verre til tider! Eg trur han var litt bekymra for korleis han skulle takle kulden, men vi kunne roe han med at i Noreg er alle hus godt isolerte og vi varmar dei oppslik at vi har ein behageleg innetemperatur.

Brrrr.... Litt trått tidleg på morgonen.


Sjølv om vi kan sjå humoren i at to nordmenn klagar over kulden i Afrika, så er denne kuldebølgja faktisk svært alvorleg for mange her nede. Få hus er isolerte og mange bur ikkje ein gong i hus, berre i skur. Dei har heller ikkje ulltøy eller høve til å ta seg ein varm dusj dersom dei skulle få frosten i seg. Det er allereie over tjue menneske som har døydd av kulden og tala er venta å stige. Det har og vore mange trafikkulukker som følgje av frost og snø på vegane.

Eg håpar sola kjem tilbake snart og ser fram til norsk sommar om ein månads tid!

onsdag 16. mai 2007

Fattig og rik

Forskjellen mellom fattig og rik er enorm stor i Sør-Afrika og eg ser eksempel på dette kvar dag. Det får ein til å tenke..

Når eg køyrer frå mitt kvite relativt velståande nabolag og på jobb er det som å køyre mellom to ulike verder. I nabolaget vårt er det vanlege mellomklasse hus, men og ein god del dyre og skikkeleg flotte hus. Køyrer du tre minutt frå porten vår kjem du til avkøyrsla til motorvegen. Til høgre, på ein liten ås ser eg eit stort område der blikkskura og trehyttene står tett i tett. Skeive og slitte, eit sørgjeleg syn.

Når vi er på veg til kjøpesenteret eller treningsstudioet etter jobb køyrer vi i meir sentrumsnære områder, med mange lyskryss. I mange lyskryss står det folk og tiggar. Det er alt frå små born til eldre kvinner. Dei held opp plakatar der dei ber om hjelp til mat, pengar eller jobb. Mange av borna kjem bort og bankar på ruta di, dei viser med kroppsspråk at dei treng mat og pengar. Av og til gjer vi dei nokre myntar, nokon gongar gjer vi dei ein bolle eller ei brus dersom vi har det liggande i bilen.

Korleis kan folk i Sør-Afrika sjå dette kvar dag utan å gjere noko med det? Kvifor er det nesten ingen som stoppar for å gje dei som tiggar pengar? Dei første månadane her nede var vi veldig obs på all fattigdomen vi såg og snakka mykje om det og kommenterte ting vi såg til kvarandre. Vi snakka nedlatande om alle dei kvite som verka å ignorere alt som er rundt dei, for det er så og seie utelukkande svarte som tiggar og bur i blikkskur.

Etter åtte månadar har eg derimot byrja å gå nokre rundar med meg sjølv. Eg passerer same blikkskura kvar dag, men må innrømme at eg ikkje tenker over det kvar gong. Og når nokon nærmar seg bilen min for å tigge ser eg av og til berre ein annan veg og unngår blikkontakt. Det som er skremmande er kor lett ein kan venne seg til å sjå slikt og kor lett det er å snu seg vekk frå det heile. Eg har strengt tatt pengar nok til å gje 2-3 rand til alle som står i lyskryssa og tiggar. Likevel så gjer eg ikkje det. Eg har ikkje noko godt svar på kvifor. Det er lett å seie ” ein kan ikkje hjelpe alle”, men kanskje er det berre ei uttrykk vi brukar for å unnskylde oss sjølve?

Det er tydeleg at Sør-Afrika har ein lang veg igjen å gå. Det same har eg óg , og mange andre med meg.

lørdag 12. mai 2007

Nok ei vanleg veke i East London

Eg tenkte eg skulle skrive litt om ei heilt vanleg veke i East London, sidan mange av artiklane mine har handla om spesielle hendingar eller tema.

Kvar veke, frå måndag til torsdag har vi morning session med lærarane frå 10 til 14. Det har vi hatt denne veka og, bortsett frå at morning session på tysdag vart flytta til fredag fordi lærarane skulle på ”rekrutteringsoppdrag” på ein skule i East London. Det skjer titt og ofte at morning sessions blir avlyst eller flytta. Som regel får vi beskjed dagen før, sjølv dei kanskje har visst om at den må avlysast eller flyttast i fleire dagar. Eg har gjett opp å komme til botnen i kvifor dei ikkje kan organisere og kommunisere betre om slike ting, det er berre ein av dei tinga det verkar som ein må akseptere. Måndag hadde vi teambuilding, planlegging og teori.

I teambuilding hadde vi ein variant av ”raudt lys”, der ein person står med ryggen til resten og dei må prøve å komme seg fram til vedkomande. Personen fremst kan snu seg utan forvarsel og dersom han ser nokon rører på seg, må dei snu. Oppgåva til laget er å få tak i ein gjenstand som ligg ved den fremste personen og å bringe den gjenstanden tilbake til start. Dersom personen som står fremst ser eller tippar kven som har gjenstanden er det tilbake til start. Her er det mykje kommunikasjon utan ord og det tok litt tid før dei klarte å gjennomføre det utan at personen fremst klarte å finne ut av kven som hadde gjenstanden. Då vi i tillegg la til gjenstand som laga lyd vart det endå verre. Kjekk leik som dei og kan bruke med ungane i bandet, samtidig som dei får trening i å samarbeide sjølve.

I teorien held vi fram med rytmar, som vi har halde på med leeeeenge no. Punktert åttandedel og sekstandedel er framleis nokså vanskeleg! Emanuel, som er danselærar i korpset, kunne ikkje notar i det heile teke då vi kom. Han har likevel stilt på alle teoritimar og er ivrig på å lære. Han har i tillegg speletimar med Heidi så han kan lære seg å spele litt trompet. Han hadde ikkje vore nøydt til dette, men hadde lyst. Eg synest det er flott at han anstrenger seg ekstra for å lære nye ting!

Nolubabalo, Sakhiwo og Heidi har noteteori. Til høgre poserer Sia og Sabelo, likar godt å bli fotograferte!

Tysdag var vi på afternoon session med korpset, men den begynte ein time for seint fordi lærarne var på oppdrag i East London og eit eller anna hadde forhindra dei å kome tidsnok tilbake. Vi arbeidar mykje med å halde tidsskjema på desse øvingane. Dei har alltid ein plan for korleis øvinga skal vere, men planen vert aldri utført heilt slik som planen! Dei har undervisning i grupper før dei samlar alle saman, og ofte vert ikkje full band noko av fordi dei brukte for lang tid i gruppene sine. Dei gjer ein flott jobb likevel og vi ser framgang, spesielt hos dei aller nyaste medlemmane i korpset. Forrige veke hadde dei nokre øvingar utan instrument, fordi trucken som bringer instrumenta var til service. Då hadde dei lifeskills og teambuilding med ungane. Dette har ikkje vore vanleg før seier dei, då har dei som regel berre avlyst øvinga. Det er flott at dei ser nytta av å ha slike aktivitetar med ungane, sett at Field Band Foundation er i all hovudsak ein organisasjon for å fremje sosial utvikling for barn og unge.

Nolubabalo underviser. Det er ikkje nok trompetar til at alle kan spele samtidig, så det går på rundgang.


Freddy og Heidi. Freddy er RC, regional coordinator, og er innom afternoon sesssion av og til. Alltid blid!

På onsdagar har vi individuelle speletimar og eg har time med Blondie. Phumezo, Sabelo og Sakhiwo. Tre barytonar og ein tuba. Dei har veldig mange innarbeidde uvanar og i bandet er det lite fokus på anna enn å spele rett tone og rytme. Så ein vanleg speletime handlar som regel mest om å puste rett, bruke nok luft og å ”blåse gjennom” instrumentet og tonen. Arbeidar og med tungebruk og introduserte ein av elevane for dobbeltunge. Dette hadde han aldri høyrt om før og han var heilt imponert over denne fantastiske teknikken. No kunne han jo spele dobbelt så fort som med enkelttunge! Kvifor hadde ingen fortalt han om dette før? Wow! Han fekk tre sider kopi frå Arban-boka mi og var svært så ivrig.

I lifeskills på torsdag hadde vi om diskusjonar. Korleis skal ein opptre i diskusjonar med andre? Korleis kan du på best mogleg måte få fram di side av saka slik at du kan få den andre til å forstå deg og eventuelt òg bli einig med deg? I tillegg til å trene seg å dette hadde vi og valt ut emne som vi synest det er viktig for dei å sjå ulike sider av. Vi snakka om sambuarskap, fyllekøyring og omskjering. Siste tema vart ikkje berre enkelt, ein av lærarane syntes dette var fryktelig vanskelig å snakke om. Dette er veldig personleg for nokon, ettersom dei alle fleste gutane her er gjennom dette ritualet. Dei andre meinte derimot at det ikkje var nokon grunn til at ein ikkje skulle snakke om det, dei meinte det var viktig og nødvendig. Dei fleste omskjeringane føregår i fjellet og etter gamle og tradisjonelle rutinar. Infeksjonar og dødsfall skjer framleis som følgje av uhygieniske forhold og dårleg utstyr. Det er ein vanskeleg balansegang å ta opp slike tema. Vi prøvar å forstå at dette er viktig for dei, samtidig som vi forsiktig prøver å få dei til å sjå ulike sider av saka. Ikkje enkelt – men interessant og utfordrande.

Sidan morning session måtte avlysast på tysdag vart det ny morning session på fredag, i staden for vanleg kontordag. Vi inviterte alle lærarane heim til oss og hadde morning session der – etterfølgt av ein heimelaga lunsj som eg og Heidi hadde stelt i stand kvelden før. Vi hadde pastasalat, grønsaksform, arme riddarar, pølse og toppa det heile med to former ”tilslørte bondepiker”! Dei åt ivrig og enkelte kasta seg vel nærast over maten. Min første tanke er at dei kan vere litt uhøflege, før eg tenker på at dei sjeldan får så mykje mat og drikke. Det er rart og tungt å tenke på for meg. Etter lunsjen og desserten drog vi på stranda for å bade – og dei var heilt ville! Ikkje så ofte dei er ved sjøen sjølv om dei berre bur ein time unna. Dei sprang rundt i bølgjene og ropte og skreik. Dei hadde det kjempemoro, så eg vart nøydd til å kaste meg ut i eg og.

Her går vi laus på maten!


Sakhiwo tjente seg 20 rand på ein grundig bilvask.

No er det laurdagskveld og eg og Heidi har tilbragt fridagen ved bassengkanten. Det kostar 5 kroner å bade i det offentlege bassenget, ikkje noko å seie på prisen. Elles har vi sett DVD frå den lokale videosjappa – filmen om 9/11 anbefalst ikkje!

Skrivinga av denne artikkelen er akkompagnert av Heidi si klimpring på minipianoet, som har eit spenn på ein og ein halv oktav. Innkjøpt for 80 kroner på leikebutikken. Det må vel seiast å ha sine begrensingar, men det gjer nytta! Ho arrangerer temaet frå Harry Potter til neste ensembletime. I morgon satsar vi på eit nytt besøk i bassenget, vi må nemleg jobbe litt med å oppretthalde brunfargen for tida. Det går mot vinter her nede og vi kan jo ikkje kome heim til Noreg å vere bleike etter ti månader i Afrika!

No er det under to månader igjen - tida fyk!


tirsdag 1. mai 2007

Ridetur i Lesotho - turen eg aldri gløymer!

Midt i Sør-Afrika ligg det eit eige lite kongedøme, Lesotho. Lesotho vert og kalla ”The Kingdom in the sky” ettersom det ligg svært høgt, låglandet er 1000 m.o.h! Landet er svært lite utbygd, mesteparten av vegnettet er grusvegar. Svært få har straum og dei som har det nyttar generatorar som dei har på visse tider av døgeret. Store delar av befolkninga bur i små landsbyar langt oppe i fjella og lever eit liv vi vanskeleg kan førestille oss. Nærare 50% av befolkninga er HIV positive. Eg og Heidi drog på ein to dagars ridetur i fjella der og det vart ein tur som gjorde svært sterkt inntrykk.

Ponniar vart innført i Lesotho på 1800-talet og fleire stadar i landet kan ein vere med på organiserte turar. Saman med guiden vår Ramsiti drog vi på ein to dagars tur med overnatting i ein liten landsby. Vi hadde høyrt og lest at det kunne bli kjølig i Lesotho, så på førehand hadde vi kjøpt oss termoundertøy, hanskar og vi pakka med oss godt med kle. Likevel gjekk det som det måtte gå, eg og Heidi har nemlig alltid uflaks når vi er ute og reiser. Ein time etter at vi hadde starta å ri byrja det å snø! Årets første snø, minst to månader tidlegare enn vanleg! Snøbyene kom og gjekk og den seks timar lange rideturen fram til landsbyen vart tidvis ei svært kald oppleving, vi var verkeleg ikkje kledde for dette! I tillegg til å ikkje vere budde på snø var eg heller ikkje budd på den utfordrande rideturen. I reiseboka sto det at det ikkje var nødvendig med rideerfaring frå før, men det var til tider ganske heftig terreng. Ned stupbratte dalar med smale stiar fulle av rullestein, på glatte berg og over elvar – dette var ikkje for pyser! På eit tidspunkt fann eg det best å late att auga, klamre meg til salen og håpe på det beste. Det gjekk heldigvis bra og eg heldt meg på ponniryggen heile tida, til trass for at ponnien snubla og sklei fleire gongar.

Eg og guiden vår Ramsiti. Bakerst ser du pakkeselet

som bar bagasjen vår.

Heidi, fortsatt varm, tørr og i godt humør! :)

Langs stien såg vi mange innfødde, Besothoar. Dei smilte og vinka til oss og ungane kom springande så snart dei oppdaga oss. Dei ropte "hello" og "goodbye” og vinka voldsomt. Die kan ikkje engelsk, men hadde lært seg å seie"Give me some sweets” etterfølgt av bedande blikk og opne hender. Vi hadde ikkje med noko serleg så dei vart nok litt skuffa, men smilte likevel.

Sjølv om det kanskje ikkje ser så kaldt ut på biletet så kan eg love dykk at det var det. Til høgre er det middagslaging for ei mor med fem barn. Stappe av maismel, pap.

Få av ungane var skikkeleg kledde, mange av dei berre med ei t-skjorte eller eit lite pledd rundt skuldrene – ikkje ein gong undertøy eller sko! Husa var av pinnar og jord eller av mur og taka var av blekkplater eller strå.

Då vi kom fram til landsbyen vi skulle overnatte i var det slike hytter vi og skulle bu i. Eg og Heidi delte ei rund hytte av mur og trestaurar, om lag 4 meter i diameter. To tynne madrassar låg på golvet, det var ingen straum eller oppvarming, heller ingen møblar. Landsbyen bestod av ca.20 slike hytter og ungane gjekk rundt like tynnkledde som dei vi hadde sett på vegen. Dei hadde stygg hoste, snørret rann og dei var skitne og kalde. Eg løfta opp ei lita jente på eit år og føtene hennar var som istappar, med hard og sprekt hud. Ho kjem sannsynlegvis til å leve heile sitt liv i fjellet der, det ligg lite i framtida hennar. Skulesystemet er dårleg og dei veit lite om livet utanfor Lesotho.

Vi tente bål ute og heldt oss varme så lenge vi sat ved det. Vi heta ein hermetikkboks med spagetti i bålet og fekk etterpå låne litt gass så vi fekk kokt oss nokre nudlar. Mens vi sat ute kom det ei stor snøbye innover landsbyen. I fleira timar sat vi ved bålet, vi grudde oss til å legge oss for natta – og det med god grunn! Det vart ei iskald natt. Til trass for seks lag kle og soveposar var det umogleg å halde varmen. Vi hutra, fraus og skalv og var letta når det endeleg vart morgon så vi kunne stå opp å byrje på dagen.

Vi budde i hytta med blå dør.
Snøen la seg flott i fjella.

Vi reid ned denne dalen, kryssa elva og opp att på andre sida.


Langt inne i denne dalen overnatta vi.

Ute var det rim på bakken og sølepyttane rundt om hadde frose til is. Dei innfødde gjekk framleis i like lite kle. Eg gjekk opp til ei dame og gav ho ei t-skjorte eg hadde. Ho vart så glad og takka og takka. Deretter sprang ho inn i hytta til dei andre og heldt opp t-skjorta, tydeleg opprømt over gåva. Eg gjekk ned att til hytta vår og hente resten av maten vår til ho, mens tårene mine rann. Korleis kan dei klare å leve slik når eg knapt nok orkar ei natt med seks lag kle på meg?

Heldigvis skein sola resten av dagen, så turen tilbake vart flott og ikkje så kald som turen fram. Naturen i Lesotho er storslått, med høge fjell og djupe dalar. Hausten hadde og sett sitt preg og det var nydelege fargar. Likevel, det var folket i Lesotho som gjorde sterkast inntrykk på meg. Den natta i fjellet der oppe har gjeve meg mykje å tenke på. Eg er audmjuk og imponert, samtidig som eg føler meg motbydeleg rik og vekkskjemd. Eg kjem til å tenke mykje på denne turen og gløymer den nok aldri. Det har vore den sterkaste opplevinga mi så langt og eg er glad for at eg fekk opplevd og sett Lesotho på denne måten sjølv om det vart ein langt tøffare tur enn eg hadde sett føre meg.

søndag 22. april 2007

Oppdatering frå East London

Det har vert fryktelig lite skriving på bloggen min dei siste vekene, av ulike årsaker

For det første slit vi med veldig dårlige signal på nettforbindinga vår. Det tar ein halv time å komme seg inn på eposten på ein god dag og denne artikkelen tar om lag to timar å få lagt ut. Verken eg eller Heidi er utstyrt med store doser tolmod, så det er ei prøving å begeve seg på verdsweben for tida.. For det andre har eg hatt mykje besøk den siste tida. I byrjinga av mars kom Trond og han var her i nesten ein månad. Det var skikkelig luksus å få så mykje tid saman! Og avskjeden var ikkje fullt så tårevåt som i jula, no er det trass alt berre to månader att til eg kjem heim.

Den siste veka Trond var her kom også mamma og pappa på besøk. Eg og Trond reiste til Cape Town og hadde eit par dagar der, før mamma og pappa kom.

Nærkontakt med pingvinar ved Boulders Beach Med "Kapp det gode håp" i bakgrunnen.

Vi køyrde saman tilbake til East London. Vi byrja ferien hardt, med vinsmaking i Stellebosch. Dette var ikkje for pyser – 24 sortar vin på 5 timar! Det vart ein lang middagslur etterpå! Vi var og i ”strutsehovudstaden” Outshorn – eg reid på ein struts! Ikkje den mest grasiøse rideopptredenen verden har sett, men det var jammen ikkje enkelt å ri på ein fugl heller. Vi var og i ”Østershovudstaden” Knysna og meska oss med deilig sjømat, inkludert østers og hummar. Siste post på programmet var dei obligatoriske ”dyra i Afrika”! Addo Elefant Park viste seg frå si beste side og vi fekk sett det meste dei hadde, utanom nasehornet.

Etter at Trond var reist var det framleis nesten ei veke att av ferien, som vi brukte til soling, bading,

matlaging og vindrikking. Mamma og pappa var og med på jobb før dei drog tilbake til Cape Town og utforska byen der før dei reiste tilbake til Noreg. Det var godt å ha besøk og kjekt å få vise dei livet mitt her nede. Trur ikkje Sør-Afrika var heilt slik dei hadde sett for seg, dei fleste er overraska over kor sivilisert det er og seier at mange av byane er akkurat som byane rundt om i Europa. Skilnaden er dei enorme områda med blikkskur og fattigdom som du finn rett rundt neste sving.

Elles går livet sin vante gang på jobb. Eg trekker pusten og tel til ti nokså ofte og prøver å sjå sjarmen i den Sørafrikanske levemåten. Veit ikkje heilt om eg får det til, men om eg skulle ha latt alt gå inn på meg hadde eg nok detonert rett som det var. Trass i frustrasjon over dårleg organisering, fråvær utan grunn og folk som kjem for seint så er det ein gjevande jobb. Det gjeld å ta tak i det positive. Som tidlegare nemnt på bloggen er det mange av lærarane i korpset som er ferske. Dei er ikkje heilt komfortable med å vere senteret for fokus og dei blir utfordra i å ta initiativ, tørre å stå aleine framfor gruppa, kaste seg ut i improvisasjonar. Rett og slett å tørre å ta sjansen litt meir. Vi har brukt mange praktiske aktivitetar for å få dei varme i trøya som dramatisering, miming og å halde presentasjonar. Vi ser at det kjem seg, spesielt hos dei aller ferskaste og det er sjølvsagt veldig kjekt. Det gjeld å fokusere på det positive.

Sidan eg ikkje har lagt ut bilete av plassen vi bur på endå kjem det eit no. Vi bur i ein liten einebustad som ligg i bukta bak oss. Veldig fint område!

To steg fram og eit tilbake er likevel eit framsteg!

lørdag 24. mars 2007

Ein skal høyre mykje..

Jobben eg har dette året må vel kunne seiast å vere litt utanom det vanlege. Det er det mange av dei er møter her nede som tykkjer og, og eg får mange ulike reaksjonar når eg fortel kva eg driv med.

Folk i SA er veldig hyggelege og imøtekommande og mange spør kvar eg kjem frå og kvifor eg er her. Det vanlege scenarioet er omtrent som følgjer :

X : Sorry to ask, but I heard you two were speaking another language, where are you from?

Eg: Norway

X: Norway ? Really ?

Dette er gjerne etterfulgt av : Where is that?.. Då må vi som regel ty til ” next to Sweden”….

Vidare går samtala noko slikt som :

X : So, are you here on holiday or.. ?

Eg: No, we work here, for a year.

X: Really, that’s nice! What do you do?

Eg: I am a music teacher.

X : Oh, lovely, where?

Og det er her det går eit skarpt skilje mellom reaksjonane. I grove trekk og utan å vere rasistisk kan vi vel dele det inn i reaksjonar frå svarte og kvite. Dei svarte synst det er flott at vi arbeidar i townshippen og mange av dei verkar å vere positivt overraska. Dei spør oss gjerne vidare om kva jobben går ut på og seier at dei verkeleg set pris på at vi er villige til å bu og jobbe her eit år. Så er det dei andre, oftast kvite. Når vi seier at vi underviser i Field Band og at vi jobbar i townshippen kjem det som regel eit ” Oh..” eller ” Oh my..” til svar. Dei verkar til tider sjokkerte over at vi køyrer til townshippen kvar dag og seier kanskje ” well, that’s nice..” Eigentleg verkar det som dei tenker ” ja ja, kvar si interesse..” eller noko i den duren. Det er sjølvsagt ikkje alle kvite som reagerer slik, mange av dei fortel oss og dei synst det vi gjer er flott, meni den grad vi får negative reaksjonar så kjem det utelukkande frå kvite.

Kinobilletøren tok verkeleg kaka då han svarte ”Well, I guess someone has to do it” ..Er det muleg? Takk det same tenkte eg. Omtrent som om det er så fantastisk å stå der å rive av kinobillettar heile kvelden. Nokon må vel gjere det og tenkte eg.. Eg håpar det er uvitenhet som er årsaka til reaksjonar som denne, for jobben min er alt anna ein jobb som berre må gjerast av nokon. Eg er tvert i mot heldig som får lov å ha denne jobben!

fredag 23. mars 2007

Blendande besøk!

Endeleg! Besøk frå Noreg! Onsdag 28. februar tok eg og Heidi flyet til Cape Town for å møte Solveig og Gry – to venninner heimanfrå. Eg og Solveig gjekk på folkehøgskulen i lag og budde i lag eit par år mens vi studerte i Bergen og Gry er eg blitt kjent med gjennom felles venner i korpsmiljøet. Dei er begge medisinstudentar på femte året og etter ei hard eksamensperiode sette dei altså kursen til Sør-Afrika for å besøke meg og for å få sjå litt meir av landet. Det sette eg veldig stor pris på! Her kjem litt om turen vår frå Cape Town og opphaldet elles.

Birthe Kråkenes 23. mars 2007.

Det var to bleike nordmenn som kom mot meg på flyplassen. Ein norsk vinter (les endelaus haust), ei lang eksamensperiode og ein lang flytur hadde etterlate seg ein blåleg tone på dei to jentene og eg følte meg plutseleg voldsamt brun.. :) Dei kom seint om kvelden så då bar det rett inn til sentrum og rett til sengs. Dagen etter fekk vi levert leigebil på backpackaren vi sov på og kunne dermed starte på køyreturen mot East London. Vi hadde fire dagar på oss til å køyre den velkjente ”Garden Route” langs kysten.

Vi køyrde til Knysna første dag, ein fin liten stad innerst i ei lagune. Vi låg på ein enkel og grei backpackar og rusla ned til sentrum om kvelden for å få oss noko å ete. Det å gå ute etter mørkrets frambrot var litt skummelt for dei nyankomne og dei var vel litt skvetne kan du seie… Men etter ein middag og ei rekke shottar til 9 kr stykket ( Sitat Gry : ”Herlighet, denne shotten kostar jo mindre enn halvparten av bussbilletten til byn!”) var det ein litt meir avslappa og laidback gjeng som gjekk tilbake til backpackaren seinare på kvelden.

Dagen etter drog vi på stranda og booka oss ein snorkelsafari. Det var litt voldsam sjø når vi skulle ut i, men etter litt klabb og babb med symjeføter og snorkelutstyr så plaska vi oss vei utover. Vi hadde forventa oss eit eksotisk skue, men vart vel heller skuffa. Her var det grå sand og lite fargar. Såg ein selfinne, men den forsvann raskt. Plutseleg vart instruktøren voldsamt ivrig og eg såg at alle stira mot same punktet på botnen, så eg skunda meg bort - berre for å oppdage at det ”store funnet” var ei sjøstjerne! Rett nok er ikkje Noreg noko eldorado for fargesprakande sjødyr, men ei sjøstjerne har eg no verkeleg sett før. Opptil fleire gongar faktisk. Vi køyrde vidare til Jeffrey&apo;s Bay og ringte etter overnattingsstad på vegen. I følgje ”Lonely Planet” sin reiseguide skulle ”Peggy’s Place” vere ”highly recommended” Vel – det er det ikkje! Muligens burde vi lukta lunta når vi fekk leige ei leilegheit til 250 kr pr. natt, men det gjorde vi altså ikkje.... Kort oppsummert var det skeivt golv, krypdyr, syltynne madrassar, skeiv seng, merkelig vertinne og forferdeleg fuktig og varmt. Når det i tillegg kom ein svær kvit huskatt inn soveromsglaset midt på natta så var det meir enn nok til å konkludere med at vi ikkje tok ei natt til der!

Turen gjekk vidare til Addo Elefantpark der vi låg på ein usedvanleg triveleg backpackar. Vi kjøpte oss eit par flasker vin på deling og sat ute og naut stillheita under den afrikanske himmelen. Når vi plutseleg kunne høyre løvebrøla var settingen perfekt!Vi vakna dessverre til regn neste morgon og det er ikkje så bra når ein skal ut å jakte på dyr…

Vi køyrde gjennom reservatet, på jakt etter elefantar og andre skapningar. Til å begynne med var det fire ivrige hovud som sat klistra mot bilruta, i håp om å få auge på noko spektakulært. Etter ein og ein halv time hadde vi framleis ikkje sett noko elefant og stemninga var dalande og interessa for å nistire ut av ruta likeeins. Men så sette godaste frøken Takle i eit voldsamt hyl som det er vanskeleg å gjengje med ord – ein enorm elefant stod i buskene rett ved vegen! Kjempestas! Eg trakk eit lettingas sukk for at ein av desse skapningane viste seg. Som reiseleiar hadde eg fått ei ripe i lakken dersom eg tok med gjestane min til ein elefantpark utan å møte elefantar!

Etter safarien vår drog vi tilbake til East London og var i ro her resten av opphaldet. Etter å ha jaga kakerlakkar og firfirlser nokre dagar vart dei riktig så varme i trøya og slutta etter kvart å småskrike når dei såg ein av dei. Elles låg vi ved bassengkanten der blåkvitt etterkvart blei om til småbrunt og i enkelte tilfeller rosa, gjekk på kino, var på stranda, handla suvenirar, drog på safari og koste oss med god mat og sjølvsagt god vin!

Dei var og med oss på jobb og fekk sjå korleis korpsdrifta er her nede. Når vi opna bildørene og hørte dei sure tonane stige ut frå øvingsromma konkluderte Solveig med at ting ikkje var så ulikt heime tydelegvis – noko som for så vidt er sant. Sjølv om rammene er annleis så er det mykje det same.


På vegen tilbake stoppa vi innom ein av dei lokale butikkane og kjøpte oss lunsj frå ” ferskvaredisken”. Kyllingsuppe og fettkuk ( ja, det heiter faktisk det!!)… Sistnemnte er fritert brød og er kjempegodt! Medisinstudentane var nok litt skeptisk med omsyn til bakteriekulturen, men det gjekk bra.

Det var veldig kjekt å sjå igjen Solveig og Gry og få vise dei litt av det eg driv med her nede, men det var og litt overraskande for meg å sjå korleis dei opplever livet mitt her nede og forholda som omgjev meg dagleg. Eg hadde gløymt kor redd og skeptisk eg var sjølv til å begynne med. Eg hadde gløymt kor fascinert eg var første gong eg såg blikkskura dei bur i townshippen . Eg hadde gløymt kor herleg det er å stå opp til sol nesten kvar einaste dag. Og eg hadde kanskje og gløymt litt kor viktig den jobben eg gjer her nede er og at eg faktisk er utruleg heldig som får oppleve alt eg gjer. Det er lett å miste perspektivet når eg no har budd her i eit halvt år. Eg er blitt vand med korleis tinga er og tenker ikkje over det like mykje lenger. Dette er kanskje både godt og gale, eg veit ikkje heilt. Det er uansett rart å merke korleis eg har vent meg til Sør-Afrika på desse månadane.

Tusen takk for besøket Solveig og Gry !! ( det kjem fleire bilete, følg med for oppdatering)

fredag 9. mars 2007

Livsteikn frå East London

No er det lenge sidan eg har skrive noko her på bloggen min, men har hatt det travelt i det siste med å innstallere meg i ny bolig pluss at eg har hatt besøk frå Noreg!

Etter to dagar med køyring kom vi fram til East London the windy city! Vi bur i eit lite hus, 10 minutts gange frå stranda, med nydeleg utsikt over ei lite bukt. I ca. 20 min var det sto stemning over å ha fått tildelt slike flotte lokalitetar, heilt Heidi sette seg ned i sofaen. Der budde det nemleg ei svær firfirsle som ikkje vart så glad for besøk. Den kravla opp etter ryggen hennar og utløyste med dette eit kjempehyl. Etter nærmare inspeksjon, fann vi opptil fleire andre rundt om i huset – rett og slett ein liten koloni. Når vi etter ein liten time også begynte å få pustebesvær og raude auger pga av dårleg inneklima var stemninga mildt sagt dårleg. Vi tok inn på B&B for natta, vi orka berre ikkje å bu der. Etter mykje om og men har vi no fått eit firma til å spraye heile huset og det er blitt betre. Fortsatt ikkje bra, så vi vil få undersøkt huset nærmare så vi ikkje risikerer helsa dersom det skulle vere sopp i veggane her. Verst er det for Heidi som har astma. Så ho lev for tida eit liv på allergitablettar og nasespray for å holde luftvegane nokonlunde opne.

Bortsett frå dette ”vesle” problemet er det skikkelig flott å bu her! Herleg med kystklima og vind, så det faktisk er noko beveging i lufta her. Vi har lokalisert flott svømmeanlegg utandørs, Heidi har meldt seg inn i treningsstudio rett bort i vegen (eg har det oppe til vurdering, er inne i ein litt slapp periode.. ) og om vi får lyst kan vi rusle ned på stranda å sjå på dei enorme bølgene som slår inn mot oss.

Vi har og begynt å arbeide med den nye lærargruppa. Dei er 6 stykker og verkar som ein fin gjeng. Tek alltid litt tid å kome i gong og foreløpig har vi berre hatt to undervisningsøkter. Det er to band i regionen her, eit gamalt og eit nytt, så dei har afternoon session fire dagar i veka. Dei held til i Mdantasane, den nest største townshippen i Sør-Afrika! Sidan forrige onsdag har eg og hatt storslått besøk frå Norge – mitt fyrste under opphaldet :) Solveig og Gry er på besøk og i dag er det siste dagen dei er her. Så når eg berre finn att ladaraen til kameraet mitt skal eg skrive ein lang artikkel om besøket og legge ut bilete. Det har vore veldig kjekt å ha kjentfolk rundt seg og å slarve litt om smått og stort heimanifrå. I tillegg er det jo stas for meg å få vise fram ”landet mitt” og dagleglivet mitt her nede. Artikkel om Noregsbesøket kjem snart, men først må dataen på en liten sjekk, den strevar litt vel mykje for tida. Plutseleg tilbake!

onsdag 21. februar 2007

Siste kveld i kongeriket

Det er siste kvelden i Phokeng og bilen er snart fullstappa med flyttelasset vårt. Eg kom til SA med 20 kilo bagasje og skjønnar absolutt ikkje korleis vi no knapt nok får plass til alt vi har i bilen!

Lærargruppa her har vore veldig kjekk å arbeide saman med og vi føler vi har fått gjort mykje på kort tid. Heidi har vore her i fem veker og eg i tre, pga. heimturen til Noreg.

Mykje av tida har gått til musikkteori og notelesing. Dette er det veldig stort behov for og vi har hatt mang ein rytmediktat… Å komme fram til rett rytme kan av og til ta fascinerande lang tid, særlig dersom vi sleng på nokre punkteringar og triolar. Men – vi ser framgang og då er det kjekt å jobbe, sjølv om det av og til kan vere ei tolmodsprøve!

Nivået i gruppa er svært varierande, noko som har gjeve oss utfordringar når vi skal planlegge undervisninga. Vi har nytta oss mykje av å la dei flinkaste undervise i nokre av emnene, så får dei øvd seg på det pedagogiske og, med tilbakemeldingar frå oss andre på korleis emnet vart framlagt.

Xolani underviser om triolar og 6/8 dels takt, eg og Ephraim noterer. Vannflasker er eit "must" på morningsessions!

I tillegg til notelesing og rytmer har vi brukt ein del tid på å få dei til å tenke og jobbe saman som eit team. Ting som vi tar som sjølvsagt heime er ikkje like sjølvsagt her. For eksempel at ein må møte presis på jobb kvar morgon og at det er vanleg høflegskap å seie i frå dersom ein vert for sein. At nokre til og med berre er borte ein dag, heilt utan vidare, er heller ikkje sjokkerande. Ofte får vi og høyre mange ulike forklaringar til same saka, så det har blitt mykje snakk om kor viktig det er å fortelje sanninga. Fortel oss heller at du kom for seint fordi du forsov deg enn å prøve å lyge i oss at bestemor di døydde!

Trass i mange interessante episodar er det ein flott gjeng, det beste er at dei har det veldig morosamt saman og stemning i gruppa er som regel god. Dei ler mykje- og som regel av kvarandre :) Vi forstår ikkje alltid kva som er så morosamt, men ler likevel! Folk her nede er veldig hjartelege – inkludert når dei synst noko er artig. Dei skrattler så du ikkje kan unngå å bli smitta :)

I motsetning til då vi budde i Pretoria er det no kort avstanden til lærarane. Det har ført til at vi ser mykje til dei på fritida. Ikkje alltid "bare bare" å ha dei på andre sida av gjerdet, kan vere greitt å ha litt skille mellom jobb og privatliv - men samtidig kjempekjekt å bli skikkeleg kjent med dei!

Seth og Ephraim på besøk hos oss :)

Elles har livet på den kongelige eigedomen fortona seg ganske normalt. Litt uvant å få bagasjerommet undersøkt når du skal ut og inn av eigedomen, pluss at dei fleste besøka må klarerast av sikkerhetsvaktene. Vi har ikkje sett noko særleg til dei kongelege, bortsett frå at kongen plutseleg stod i døra forrige veke. Han ville sjå om vi hadde det bra og var komne oss i orden. Vi var heldigvis nydusja og nysminka, og vi smilte og var så høflege som vi klarer– er tross alt to jenter frå bygda vi snakkar om her! I morgon er vi invitert til å vere med på ei tilstelling i Johannesburg. Det vert middag og konsert med eit ensemble. I invitasjonen var antrekket klassifisert som cocktail, så vi måtte ut på shopping, hadde verkeleg ikkje noko i garderoben som var vel nok til å sosialisere med kongen i. 90% av garderoben min består for tida av dongerishorts og singletar, samt slippers og sandalar..

Fredag morgon køyrer vi mot East London. Det vert ei overnatting i Pietermaritzburg, utanfor Durban, før vi kjem fram til vår nye heim laurdag ettermiddag. Vi skal bu nært stranda og kan knapt nok vente! Det har vore veldig varmt i innlandet i det siste, i tillegg til at vi bur på ein av dei varmaste plassane i landet, temperaturen er oppe i 35 grader rett som det er. Det positive er at ein klesvask tørkar på under ein time.

Neste rapport kjem frå den friske og svalande austkysten – ha det bra så lenge !

P.S : Måtte legge ved dette biletet av den merkelegaste sommarfuglen eg nokon gong har sett; kamuflert som eit ugleansikt - utruleg fin og fascinerande!

søndag 18. februar 2007

Ørken, fornærmingar og hensynslause hestar i Botswana!

No er det berre nokre dagar att til vi flyttar til kysten og vi fann ut denne helga var siste sjanse til for å reise til Botswana – så då bar det av garde!

Ellen og Marit leigde bil i Joburg og henta oss fredag formiddag. Grensa til Botswana ligg litt over to timars køyring frå Rustenburg, så det var relativt kjapt gjort å komme seg dit. Det var fort gjort å ordne papir og pass for å få krysse grensa, ein leik samanlikna med ”operasjon Mosambique”.. Grensevaktene var smilande og hyggelege, spurte om telefonnummer og moglegheiter for giftarmål og synst dei norske jentene var et bra catch. Noko vi sjølvsagt ikkje er ueinige i!

Vi hadde ikkje booka noko overnatting på førehand, men hadde sett oss ut nokre backpackera i området rundt hovudstaden, Gaborone. Å finne overnatting skulle likevel vise seg å vere lettare sagt enn gjort. Ein stad var stengt, den andre fullbooka og den tredje hadde berre to senger.. hmmm.. Plan A, B og C hadde no gått i vasken og det begynt å bli mørkt. Vi køyrde rundt i hovudstaden og lette utan stort hell. Hotella var dyre og andre plassar var ikkje så lette å finne i mørkret. Etter mykje om og men fann vi ein bed&breakfast med eit ledig rom. Dei la inn to ekstra madrassar på golvet og dermed var alt i boks – til ein svært rimeleg penge, gode greier! Mens dei to damene frå resepsjonen reidde opp sengene prata dei seg i mellom og lo. Så serverte ei av dei den ultimate fornærminga til meg ; " You have an African butt!", etterfulgt av et klaps på baken og mykje latter. Eg smilte litt, men ærlig talt.. Har dokke sett rompene til damene her nede? Dei er enorme!!! Hmmm.. kjem til å ta lang tid å komme seg over den kommentaren.

Dagen etter var det destinasjon Kalahari! Den er blant anna kjent frå ”Gudene må vere gale” filmane. Eg visste at ein ørken ikkje treng å vere berre sand, slik som i teiknefilmane, men hadde trudd at det var meir sand enn det faktisk viste seg å vere.

Frå "jentene må vere gale" :)

Det var mykje små busker, lave tre, og sletter med tørt gras. Passerte mange små plassar på vegen og det var interessant å sjå korleis dei bur og lever der. Det gjekk esel, geiter og kyr overalt og det var ei veldig avslappa stemning. For meg er det lett å tenke ” at det går an å bu slik!!”.. blekkhus eller små murhus, kanskje ikkje innlagt vatn, brun tørr jord utanfor huset, fryktelig varmt, støvete og trykkande. Likevel verkar det som dei har det bra, det er dette livet og denne livsstilen dei kjenner til og er vande med – for dei er dette slik livet er. Synst at det er vanskeleg å tenke på kor fint vi bur i forhold, både her i SA og heime i Noreg. At det kan vere så stor forskjell – utan at vi er villige til å senke vår levestandard noko serleg.

Søndag morgon ringte vekkarklokka kl 06.00 – vi hadde booka oss guida hestetur og gåtur i eit naturreservat på vegen tilbake mot Sør-Afrika. Eg og Ellen drog på ein to timars ridetur, med innlagt piknik og frukost. Eg har sete på hesteryggen ein gong tidlegare i midt liv – for 15 år sidan. Så når hesten setta av garde frå stallen i god trav vart eg litt bekymra. Guiden hadde jo nettopp lovd meg at hestane skulle gå sakte!

Det gjekk betre etter kvart, men hesten min hadde to problem. Problem ein : den var lat. Den låg konstant 20-30 meter bak dei andre to, så eg fekk ikkje med meg noko av det guiden sa. Han tok seg av og til saman og sette opp farten for å nå att dei andre. Etter to min var vi like langt bak igjen.. Problem to : Den tok ikkje omsyn til at han faktisk hadde ein person på ryggen! Så lenge han gjekk klar greinene og tre så var han fornøgd. Det var verre med jenta på hesteryggen.. Så no er det riper og skraper på armar og bein. I tillegg til ein svært så øm bakende..

Alt i alt var alle einige om det var ein fin tur ! Det var kjekt å oppleve eit anna land å sjå at det faktisk var nokså ulikt Sør-Afrika, sjølv om vi var berre nokre timar unna.

mandag 12. februar 2007

Å sjå den enkelte

Eg er no begynt på mi andre veke i Phokeng, Rustenburg. Mykje av tida går med til noteteori, dette er det stort behov for i lærargruppa. Etter forrige veke satt vi med ein følelse av at ein av lærarane i gruppa ikkje heilt hang med, så i dag tok eg han ut av gruppa i teoritimen for å ha ein individuell time med han.

Eg spurte han korleis det gjekk med noteteorien og om han synst det var vanskelig under noteundervisninga vi hadde sist veke. " Neida, ingen problem".. Neivel, tenkte eg. Så begynte vi å jobbe litt med teorien og det viste seg at han kunne svært lite og at det var store hol i kunnskapen, heilt ned på basisnivået med fjerdedel, åttandedel og sekstandedel. Eg visste jo at det var nokre skjær i sjøen, men at han låg såpass langt bak dei hadde eg ikkje trudd. Fekk umiddelbart dårleg samvittighet for ikkje å ha fanga opp dette under timane i forrige veke, og han umulig ha hatt noko god følelse når han prøvde å henge med på rytmediktatane. Som lærar er dette noko eg synst er vanskeleg, korleis skal ein klare å sjå alle enkeltelevane? Dei som heng etter er som regel veldig flinke til å skjule det og det gjer det sjølvsagt endå vanskeligare for læraren å fange opp problemet.

Først verka han flau over å bli "avslørt" , men etterkvart som vi jobba oss igjennom det grunnleggande og begynte på rytmeklapping gjekk det betre. Han fekk til mykje og verka å vere litt letta over å sleppe å streve med stoff som er over evne. Så i morgon fortsetter vi med individuell teoritime, så får vi rydde opp og forbedre notekunnskapane så godt vi kan på to veker - neste fredag flyttar vi til East London!

lørdag 3. februar 2007

Plutseleg i Noreg igjen

Då eg fekk jobben i Sør-Afrika brukte eg mykje tid på å førebu meg på at eg skulle vere vekke i nesten eit heilt år. For meg var dette tungt og noko eg brukte mykje tid på. Når eg no plutseleg befann meg på norsk jord, vart det heile ei rar oppleving..

Dei som fylgjer med meg her på bloggen veit at eg måtte heim i begravelse til morfaren min. Ikkje noko kjekt ærend å reise heim i, men likevel veldig godt å få sjå samboer, familie og venner igjen. Det heile gjekk veldig fort, frå eg fekk telefonen til eg letta frå Johannesburg tok det 3 dagar. På denne tida hadde vi å køyrt frå Swasiland til Pretoria, pakka og flytta til Rustenburg. Så det var ikkje før eg sette meg ned på flyet at eg eigentleg fekk ta inn over meg det som hadde skjedd... Det vart ein merkeleg flytur. Første gong eg reiser så langt på eiga hand og definitivt første gong eg har hatt så mange tankar og følelsar under ei reise. Var i begge endar av skalaen opptil fleire gongar på turen.

Mamma og pappa tok i mot meg på flyplassen og etter gode klemmar, nokre tårer og mamma sitt utbrudd om dottera si manglande evne til å kle seg... ( knebukse og slippers gjer seg dårlig på vestlandsk slapseføre..) drog eg heim til leiligheta og Trond. Dagen etter drog vi til mormor i Stryn. Det var ganske så rart å sitte i bilen og vere tilbake på vegar eg har køyrt så mange gongar før. Dei første to dagane i fedrelandet gjekk eg berre rundt å tenkte på kor rart det var å plutseleg vere tilbake her.

Når ein reiser vekk eit år er ein veldig fokusert på det at ein faktisk skal vere vekke eit år. Så sjølv om det er veldig godt å vere heime oppdagar eg at året mitt i Sør-Afrika allereie har sett ganske djupe spor... Eg gler meg utruleg mykje til å komme ned igjen og det hadde eg vel kanskje ikkje venta meg. Eg er vel eigentleg litt overraska over korleis eg har blitt vand med livet mitt i SA og at det faktisk var vanskeleg å berre slå brytaren tilbake på "Noreg" sånn heilt utan vidare. Her er alt som før. Merkar og at noko av det vi vart "advart" om før vi drog stemmer; alle trur at eg har tusen ting å fortelle frå mitt utrulig spennande og elleville liv i Afrika, mens ingen har noko serleg nytt å fortelle her. "Nei, her har det no ikkje skjedd noko spesielt". Klart noko må ha skjedd på fire månadar! Og klart at det finnst eit kvardagsliv for meg i Sør-Afrika og! Eg er ikkje blandt elefantar og løver kvar dag og kumage inngår ikkje den daglege kosten min. Så ein liten forsmak på heimkomsten min har eg fått og det trur eg for så vidt er bra.

Mest av alt var det godt å sjå igjen alle eg er glad i, sove i senga mi, drikke eit glas med godt norsk vatn rett frå springen, ta bussen til sentrum og gå på Pastasentralen og deretter dra heim, slenge seg på soafen og sjå "Hotel Cæsar"! I morgon reiser eg "heim" og gler meg veldig til å komme tilbake på jobb i Rustenburg, sjå Heidi igjen - og ikkje minst : ein kvardag utan strikkasokkar, støvlar og paraply. DET saknar eg ikkje.. Sjåast i juli !

søndag 21. januar 2007

To nye land på ei veke!

Mandag morgon drog eg og Heidi avgarde på det som skulle vise seg å bli den store ”kven-kva-kvifor-korleis.. åja, sånn ja” ferien vår.

Vi hadde opprinneleg tenkt å reise til Zanzibar, men fant ut at det vart for dyrt. Så det vart litt sånn.. hmmm.. kvar skal vi reise?? Kva med Mosambique? Jau, god ide!! Ok, vi booka leigebil og la av gårde uten å ha planlagt noko. Etter ein time på vegen blei vi vinka inn til sida av ein politibil… ” I’m stopping you for exceeding the speed limit, it is 80 here you know..” No har eg heldigvis litt erfaring med Sør-Afrikansk politi etterkvart, så etter mykje unnskyldning frå mi side og utsegn av typen “the rental car is just sooo much faster than the small Toyoyta tazz I normally drive” og “ I work in an volunteer program you know, teaching music in the township, we don’t get paid too much..” . Var rett og slett pinlig å komme med så mange teite og til dels dårlege unnskyldningar, men det funka! Passa sjølvsagt og på å nemne at eg er norsk i tillegg til mitt velkjente smil. Betalte 150R (150 NOK) i staden for den opprinnelege summen på 750R og kunne køyre vidare. "We just forget about the paperwork then.." sa politibetjenten. Utrulig at systemet er så åpenbart korrupt her nede!

Vel framme ved grensa til Mosambique begynte vi å tenke på at vi kanskje trengte visum??.. Jau da, klart vi gjorde det og etter ein time i kø blant mørke menn med en fasinerande sterk kroppsodør kunne vi krysse grensa. Etter grensa kom det bompenger og det var då vi kom til å tenke på at vi kanskje burde ha ordna oss litt av landets valuta før vi kom? Kva slags valuta har dei forresten?? Hmmm.. kunne heldigvis betale med rand, valutaen viste seg og vere meticans.

Vi hadde booka hotell i Maputo og fann fram etter mykje om og men.. Hadde sjølvsagt ikkje sjekka kvar i Maputo hotellet var. Maputo er ein stor by! Fekk fint hotellrom med nydelig utsikt over sjøen, tok oss ein drink i hagen og åt oss stappmette frå hotellet sin buffétmiddag. Det viste seg at alle dei nydelige strendene vi hadde tenkt å bade på kun var tilgjengelige med firhjulstrekker. Det hadde ikkje vi.. Skulle på båttur til ei øy dagen etter, men vakna sjølvsagt til regn og vind! Litt kjedeleg, men bada på ei mindre strand i byen og tok oss ein tur på den lokale marknaden. Kjøpte ferske kokosnøtter, bileter trykt på stoffstykker, smykker og vevde lommebøker.

Åt og nydelig sjømat på ein restaurant vi fikk anbefalt. Kvitløksrekene var en høydare kva mat angår! Med nydeleg utsikt over stranda, palmane og med solnedgang var det ein fin kveld.

Etter tre netter i Maputo drog vi til Swasiland og til Mlilwane naturreservat. Her låg vi på ein backpacker som Marit hadde anbefalt oss og den var verkeleg flott! Vortesvina traska rundt i hagen i tillegg til sebraer, bøffel og impalaer rett utanfor området. Vi gjekk ein flott fjelltur dagen etter og åt middag rundt bålet om kvelden. På menyen var det grilla impala, papp og maikolbe. Frokosten bestod av maismelgraut, ein ny kulinarisk opplevelse.. Totalt utan smak, men med store mengder smør og sukker vert det meste godt!

Her er vi på veg til toppen, Nyunane, 3750 feet

over havet. Klatra i stegar og kava oss oppover

i solsteika. Ååå, så sliten...

Den siste feriekvelden blei imidlertid veldig trasig i forhold til feiren så langt.Om kvelden fekk eg beskjed dom at pappa hadde prøvd å ringe meg i resepsjonen og fekk straks den veldig ekle følelesen av at det har skjedd noko. Fekk ringt tilbake og fekk beskjed om at morfar døydde natta før. Dette var uventa og sjølvsagt veldig trist.. Heldigvis har vi god forsikring og eg får billettar til å reise heim. Det er vel unødvendig å seie at det overhodet ikkje er noko kjekt å vere i Afrika når slikt skjer, så akkurat no vil eg bare komme meg heim fortast mogleg.

Vi flyttar til Rustenburg og nytt band i morgon, så det vert litt stress. I tillegg må Heidi arbeide åleine den første perioden vår der. Det klarer ho sjølvsagt fint, men det er klart at det er kjekkare å vere to når ein tar til i ein ny arbeidssituajson. Eg får ta igjen så best eg kan når eg kjem tilbake. Er og lei meg for at eg går glipp av oppstarten der, det er nemleg ein skikkelig flott gjeng som eg gledar meg til å arbeide med. Men enkelte ting kan ein ikkje gjere noko med. Eg reiser heim mandag kveld. Ser ikkje akkurat fram til ein lang flytur aleine, men det blir veldig godt å komme heim til familien.

søndag 14. januar 2007

Nasjonal workshop vel overstått!

Det har vert ei lang og slitsom, men samtidig fantastisk kjekk veke i Krügersdorp. Vi har prøvd ut mykje musikk og nærmar oss no den endelige spelelista for CD'en som skal spelast inn i juni.


Vi har begynt undervising kl 07.45 kvar dag og tatt kvelden kl 20.30, med andre ord har det vore lange dagar - men for en fantastisk gjeng! Dei klagar ikkje på lange øvingsdagar, er utruleg lærevillige og har et genuint ønske om å heile tida lære meir. Sånt gjer det kjekt å vere lærar!

Eg hadde ansvar for barytongruppa, og vi hadde to timar gruppeøving kvar morgon. Veldig kjekke og høflege gutar. Frå venstre; Simon, Peter, Pumezo, Pumlani, Kagiso, Thabo og Xolani. Xolani var i Noreg i fjor og gjekk eit år på Toneheim Folkehøgskule. Gjekk der saman med Sara Tvedt, som eg spelar med i Oster Brass. Moro når ein kan snakke med folk om felles bekjente når ein er i Sør-Afrika!

Vi begynte veka med å spele gjennom mykje ulik musikk for å finne ut kva som egnar seg best til CD'en. CD'en vert utgjeven i samband med FBF sitt 10 års jubileum og musikken skal då sjølvsagt reflektere denne epoken. Brian Tusi , ein kjent jazztrompeter frå Sør-Afrika, var med oss dei tre fyrste dagane. Som nordmenn manglar vi naturleg nok inngåande kjennskap til den tradisjonsrike afrikanske musikken og då var det godt å ha nokon der som kunne hjelpe til med dette. I tillegg til den afrikanske musikken er dei ulike utvekslingsprosjekta representerte ved å ha med musikk frå Noreg, Storbrittania og USA. Vi har valgt ut "Seterslått" og "Valdresmarsj" som norske låtar, spesielt den første må vel seiast å ha slått godt an! Temaet har i alle fall grodd seg godt inn i hjernebarken min og vert nynna på i tide og utide.

Nathan, Dingaan og Duwane.

Vi hadde ein vellukka konsert for sponsorar, styret i FBF og eit busslast med publikum frå Dobsonville i dag. Det var skikkeleg stor stemning under konserten og de kan legge vekk alle bileter av sindinge publikummarar som klappar forsiktig i hendene etter endt nummer. Her går folk bak i salen og byrjar å danse, dersom dei ikkje finn ut at dei like godt skal ta en spontan solodans framfor bandet - midt i melodien! For ikkje å snakke om når når nokon spelar solo, då er det reine boyband-tilstandar, med hyling og skriking undervegs i framføringa. Ganske så spesielt å oververe for oss lett tilbaketrukne nordmenn, men utruleg artig!

Under pausene mellom dei ulike øvingsøktene var det og full rulle - ingen la frå seg instrumenta, men samla seg i salen og spelte vidare. Dei som ikkje spelte kasta seg ut i dans eller sang, med STOR entusiasme. Fleire gongar blei eg berre sittande å sjå på alle saman og ta inn over meg alt. Det er herlig å sjå på kor frie og hemningslause dei kan vere og kor stor glede dei har i musikken. Det kan høyrast ut som klisjear, men i så tilfelle så er dette klisjear som vart til virkelighet denne veka! Har med andre ord storkost meg og ser fram til neste workshop, som er i juni.

Komande veke har vi ferie og det ser vi sjølvsagt fram til, sjølv om vi berre har jobba ei veke etter juleferien.. Eg og Heidi køyrer til Mosambique på måndag, der ventar havet og stranda på oss. Har planar om slaraffenliv, snorkling og sløving. Håpar og at vi skal få tatt dykkerlappen, men vi får sjå når vi kjem dit. På vegen tilbake til Pretoria dreg vi innom Swasiland.

Deretter er det flytting som står på plakaten og vi har i dag hatt ein liten alvorsprat med Retha, sjefen i FBF. Vi skal nemleg bu i eit av dronningmora sine hus, i Bafokeng. Huset ligg inne på området som dronningmora og kongen bur på og dette stiller visse krav. Vi har fått streng beskjed om å respektere dei og godta det faktum at dei har nokså mykje høgare autoritet enn det vi er vande med frå Noreg. Dei er ikkje akkurat Mette-Marit og Ari vi snakkar om her.. Vi må dekke til skuldrane, ikkje ha for korte skjørt og ikkje stå for tett opp til dei når vi snakkar med dei. Når dei står så står vi og når dei set seg kan vi sette oss. Hovudet vårt skal helst ikkje vere høgare enn deira og vi skal tiltale dei med kongelege titlar. Phuu... dette kan verte ei lita utfordring for to norske jenter som ikkje er så veldig skulerte i kongelig etikette - men det vert nok ei oppleving. Kongen er visstnok trommeslagar på hobbybasis og dersom han spør oss om å spele med han, noko han visstnok kjem til å gjere, så seier en berre ikkje nei. I alle fall ikkje utan ei særs god unnskyldning. Dette skulle vi gjerne ha visst når vi svarte nei når han spurte oss om dette under lunsjen sist gong vi var der...

Heile greia er i grunnen ganske sært spør du meg, så følg med for ei kongeleg oppdatering om ei vekes tid :) Enn så lenge, kos dykk i slaps og regn, eg skal kose meg på stranda!

( Bilete frå workshoppen kjem etter ferien)