Endeleg! Besøk frå Noreg! Onsdag 28. februar tok eg og Heidi flyet til Cape Town for å møte Solveig og Gry – to venninner heimanfrå. Eg og Solveig gjekk på folkehøgskulen i lag og budde i lag eit par år mens vi studerte i Bergen og Gry er eg blitt kjent med gjennom felles venner i korpsmiljøet. Dei er begge medisinstudentar på femte året og etter ei hard eksamensperiode sette dei altså kursen til Sør-Afrika for å besøke meg og for å få sjå litt meir av landet. Det sette eg veldig stor pris på! Her kjem litt om turen vår frå Cape Town og opphaldet elles. | Birthe Kråkenes 23. mars 2007. |
Det var to bleike nordmenn som kom mot meg på flyplassen. Ein norsk vinter (les endelaus haust), ei lang eksamensperiode og ein lang flytur hadde etterlate seg ein blåleg tone på dei to jentene og eg følte meg plutseleg voldsamt brun.. :) Dei kom seint om kvelden så då bar det rett inn til sentrum og rett til sengs. Dagen etter fekk vi levert leigebil på backpackaren vi sov på og kunne dermed starte på køyreturen mot East London. Vi hadde fire dagar på oss til å køyre den velkjente ”Garden Route” langs kysten.
Vi køyrde til Knysna første dag, ein fin liten stad innerst i ei lagune. Vi låg på ein enkel og grei backpackar og rusla ned til sentrum om kvelden for å få oss noko å ete. Det å gå ute etter mørkrets frambrot var litt skummelt for dei nyankomne og dei var vel litt skvetne kan du seie… Men etter ein middag og ei rekke shottar til 9 kr stykket ( Sitat Gry : ”Herlighet, denne shotten kostar jo mindre enn halvparten av bussbilletten til byn!”) var det ein litt meir avslappa og laidback gjeng som gjekk tilbake til backpackaren seinare på kvelden.
Dagen etter drog vi på stranda og booka oss ein snorkelsafari. Det var litt voldsam sjø når vi skulle ut i, men etter litt klabb og babb med symjeføter og snorkelutstyr så plaska vi oss vei utover. Vi hadde forventa oss eit eksotisk skue, men vart vel heller skuffa. Her var det grå sand og lite fargar. Såg ein selfinne, men den forsvann raskt. Plutseleg vart instruktøren voldsamt ivrig og eg såg at alle stira mot same punktet på botnen, så eg skunda meg bort - berre for å oppdage at det ”store funnet” var ei sjøstjerne! Rett nok er ikkje Noreg noko eldorado for fargesprakande sjødyr, men ei sjøstjerne har eg no verkeleg sett før. Opptil fleire gongar faktisk. Vi køyrde vidare til Jeffrey&apo;s Bay og ringte etter overnattingsstad på vegen. I følgje ”Lonely Planet” sin reiseguide skulle ”Peggy’s Place” vere ”highly recommended” Vel – det er det ikkje! Muligens burde vi lukta lunta når vi fekk leige ei leilegheit til 250 kr pr. natt, men det gjorde vi altså ikkje.... Kort oppsummert var det skeivt golv, krypdyr, syltynne madrassar, skeiv seng, merkelig vertinne og forferdeleg fuktig og varmt. Når det i tillegg kom ein svær kvit huskatt inn soveromsglaset midt på natta så var det meir enn nok til å konkludere med at vi ikkje tok ei natt til der!
Turen gjekk vidare til Addo Elefantpark der vi låg på ein usedvanleg triveleg backpackar. Vi kjøpte oss eit par flasker vin på deling og sat ute og naut stillheita under den afrikanske himmelen. Når vi plutseleg kunne høyre løvebrøla var settingen perfekt!Vi vakna dessverre til regn neste morgon og det er ikkje så bra når ein skal ut å jakte på dyr…
 | Vi køyrde gjennom reservatet, på jakt etter elefantar og andre skapningar. Til å begynne med var det fire ivrige hovud som sat klistra mot bilruta, i håp om å få auge på noko spektakulært. Etter ein og ein halv time hadde vi framleis ikkje sett noko elefant og stemninga var dalande og interessa for å nistire ut av ruta likeeins. Men så sette godaste frøken Takle i eit voldsamt hyl som det er vanskeleg å gjengje med ord – ein enorm elefant stod i buskene rett ved vegen! Kjempestas! Eg trakk eit lettingas sukk for at ein av desse skapningane viste seg. Som reiseleiar hadde eg fått ei ripe i lakken dersom eg tok med gjestane min til ein elefantpark utan å møte elefantar! |
Etter safarien vår drog vi tilbake til East London og var i ro her resten av opphaldet. Etter å ha jaga kakerlakkar og firfirlser nokre dagar vart dei riktig så varme i trøya og slutta etter kvart å småskrike når dei såg ein av dei. Elles låg vi ved bassengkanten der blåkvitt etterkvart blei om til småbrunt og i enkelte tilfeller rosa, gjekk på kino, var på stranda, handla suvenirar, drog på safari og koste oss med god mat og sjølvsagt god vin!
Dei var og med oss på jobb og fekk sjå korleis korpsdrifta er her nede. Når vi opna bildørene og hørte dei sure tonane stige ut frå øvingsromma konkluderte Solveig med at ting ikkje var så ulikt heime tydelegvis – noko som for så vidt er sant. Sjølv om rammene er annleis så er det mykje det same.
 |
|  |
På vegen tilbake stoppa vi innom ein av dei lokale butikkane og kjøpte oss lunsj frå ” ferskvaredisken”. Kyllingsuppe og fettkuk ( ja, det heiter faktisk det!!)… Sistnemnte er fritert brød og er kjempegodt! Medisinstudentane var nok litt skeptisk med omsyn til bakteriekulturen, men det gjekk bra.
Det var veldig kjekt å sjå igjen Solveig og Gry og få vise dei litt av det eg driv med her nede, men det var og litt overraskande for meg å sjå korleis dei opplever livet mitt her nede og forholda som omgjev meg dagleg. Eg hadde gløymt kor redd og skeptisk eg var sjølv til å begynne med. Eg hadde gløymt kor fascinert eg var første gong eg såg blikkskura dei bur i townshippen . Eg hadde gløymt kor herleg det er å stå opp til sol nesten kvar einaste dag. Og eg hadde kanskje og gløymt litt kor viktig den jobben eg gjer her nede er og at eg faktisk er utruleg heldig som får oppleve alt eg gjer. Det er lett å miste perspektivet når eg no har budd her i eit halvt år. Eg er blitt vand med korleis tinga er og tenker ikkje over det like mykje lenger. Dette er kanskje både godt og gale, eg veit ikkje heilt. Det er uansett rart å merke korleis eg har vent meg til Sør-Afrika på desse månadane.
Tusen takk for besøket Solveig og Gry !! ( det kjem fleire bilete, følg med for oppdatering)