fredag 6. juni 2008

Guds gåve til kvinna!

Her er det verken snakk om mannfolk, sjokolade, sex,, shopping, hold in truse eller push up BH - men .. flyttebyrå!! Gu' ka' fantastisk!

Når vi no skal flytte tilbake til Bergenfår vi flyttebyrå gjennom Statoil. Så i dag tidlig kl 09.00 kom det to kara her til meg og satte i gang med å pakke. Her snakka vi om å pakke inn ett og ett glass med krydder, tømme klesskapet og heile pakka. Eg tilbaud meg å hjelpe litt for eg følte meg så fryktelig fisefin, men det var ikkje behov sa dei. Neivel! Så mens karane pakka satt eg på altanen og leste bok. Eg har herved fått en ny lidenskap - flyttebyrå...

torsdag 15. mai 2008

Rundreise på Vestlandet

No er det ei stund sidan eg har skrive noko her, men eg har vore på farten ei heil veke. Eg reiste heim til Raudeberg sist torsdag, på besøk hjå Stine og Kenneth. Søndag var det konfirmasjon for søskenbarnet mitt Andreas, siste konfirmanten i Kråkenesslekta! Det var ein kjekk dag, dessverre den einaste utan sol heile veka. Det vart ete mykje god mat og massevis av kaker :p
Elles var det nydelig fint heime alle andre dagane. Sola skein frå skyfri himmel, skikkelig sommar! Så det vart nokre dagar på altanen med pensumlesing og skravling med systa. Fekk og besøkt fleire venninner. Var til Lina og år nysteikte bollar i den nye stilige leiligheta, også hadde vi venninnetreff hos Silje. Der var Gro, Trude og Birte og. Synnøve var og heime, så då fekk eg skvist inn endå eit venninnemøte - veldig kjekt! Har jo blitt litt lite kontakt med en del sida eg no har budd to år vekke frå Bergen og vore lite heime på Raudeberg. Så no er vi oppdaterte på kvarandre igjen :)

Veldig kjekt med ein tur heim, og for ein gongs skyld var eg heldig med veret! pleier alltid å vere dårlig når eg reiser heim, men denne gongen vart det klaff :) Og det er jammen ikkje fritt for at eg har fått litt farge - i alle fall fregner!

tirsdag 29. april 2008

Bikerbaben Birthe!

Eg har fått meg verdens søtaste og stiligaste sykkel! Den var eit ganske spontant kjøp i går, ei gåve frå mannen min :) Eg nevnte kvelden før at det var dumt at vi kun hadde ein av syklane våre her oppe, for det hadde vore kjekt å dra på sykkeltur på Ladestien saman. Så då fann han ut at eg kunne jammen meg få ny sykkel. Skal no seiast at eg har slete ein del med den "gamle" vi har i byn, fordi eg får så ondt i handledd og skuldrar av den. Er av typen offroad. Så då drog vi ut og kjøpte denne snertne og elegante tohjulingen! Som han sa: det følger no nokre fordelar med å vere kona mi! Så sant så sant :)

Check it out! Den har fått navnet Bella og eg vurderer blomster på korga :)



fredag 25. april 2008

Ei veke åleine, siste dag!

Sola skin, eg vakna til måkeskrik, veilederen min gav meg det avgjernade hintet til å løyse siste oppgave og i kveld kjem mannen min heim! Livet smiler og eg skal øyeblikkelig ut på terassen og nyte det! Tjohoo! God helg alle sammen! :)

søndag 20. april 2008

Ei veke åleine, dag to..

Trond er dratt til England med jobben og blir vekke til fredag. Eg har faktisk ikkje vert aleine her i Trondheim før, og sidan nettverket er ganske begrensa her oppe har den begynt å melde seg - den store kjedsomheten!
Det begynte bra, hadde en superkoselig kveld hos Ingrid og Lars Erik i går. Det er eit vennepar som eg vart kjent med i Sør-Afrika. Dei var og utveklsa gjennom Fredskorpset og budde i Pretoria. Vi lagde heimelaga sushi, det vart rett og slett ein braksuksess!:) Vi trylla fram spicy tuna california rolls, prawn fashion sandwich og mykje anna.

I dag er det søndag og eg skal egentlig jobbe med siste innleveringsoppgava mi, men det er bare så utruleg kjedelig! Sit og knotar nedpå nokre avsnitt om ordklassar, kriterier og inndeling, avbrutt av litt glaning på TV-boksen... Er utrulig kjedelig når Trond er vekke! Ein dag eller to går greit, men så begynner det å bli veldig tomt i leiligheta. Einaste trøst er at kjedsomheten forhåpentligvis resultere i at eg får gjort noko studiearbeid. Eksamen er om ein dryg månad..

lørdag 19. april 2008

Bryllaupsfesten!

Her kjem del to om bryllaupet...

Etter vielsen kjørte vi til Holmeknappen for å ta bilete. Karl Andreas, ein kamerat som eg vart kjend med på folkehøgskulen, tok bileta. Vi hadde på førehand sett oss ut ulike plassar. Tok bilete på svaberget, ved Holmestova og til slutt klatra vi ned på ei gammal steinbru. Litt stressa då, men håper bileta vart bra! Mens vi klatra rundt tenkte eg på kor utrulig forsiktig eg var med kjolen før bryllaupet. Bar han med andakt inn i bilen frå butikken, men s no.. klatra blandt mose og busker på jakt etter det ultimate motivet! Så då vi ankom lokalet etterpå kunne eg plukke mose frå sløret og konstanteret opp til fleire flekkar på slepet. Pytt, pytt!



Middagen vart nok eit høgdepunkt på dagen. Vi hadde bestilt koldtbord + oksesteik frå Lindås Brygge. Maten var kjemepgod - har eg hørt :) Eg klarte nemleg ikkje ete meir enn litt eggerøre og noko kjøtt og ei loffskjeve. Litt trang kjole, litt oppspilt, litt nervøs.. Men åt rikelig med restar dagen etterpå! Det var mange som holdt tale for oss, og alle var kjempeflinke. Det vart mange fine ord og mange morsomme historier - spesielt artig var det kanskje å merke at folk trakk fram mykje av det same. Så vi har nok ein del trekk, på godt og vondt, som folk tydeligvis legg merke til. Ei spesiell takk til min kjære bror som tok ansvaret for å få fram brura sine gamle røvarhistorier om ølstjeling og konsumering! :) Og til Christian for å avsløre mine evner som ein dyktig diktar "grisehuskeregler" ..illusjonen om ei yndig brud forsvann raskt!

Folk åt og drakk og såg ut til å kose seg, så då gjorde vi det og :) Vidare vart det sett i gang dans etter middagen, med 2 x Kjell bak mikrofonen. Eg og Trond hadde øvd på brudevalsen på førehand, riktignok ikkje så mykje, men dog.. Vi hadde øvd inn etter den meir rolige klassiske valsen, men bandet la opp til en vals i presto tempo! Så det vart ganske paniske valsetrinn på ekteparet Bjørstad :)



Videre var det klart for kakebordet,det blei stort! Kakebord p åvestlandet er jo kjent for å vere ganske rikholdige og eg trur ikkje dette var nok unntak. Christian, ein kamerat frå folkehøsgkulen og lærarskulen, hadde laga ei lekker kake i tre etasjar. Vi droppa kvit dame til fordel for ei herlig sjokolademoussekake. Nam nam! Og så måtte vi sjølvsagt fjerne ringar frå kransekaka - sju stykker!! Eg kan like godt sei det her og no - det kjem aldri i verden til å bli satt til verden sju mini-Trond eller mini-Birthe!! :)

Vidare var det dans, drikking, mingling og masse moro! Vi hadde ein aldeles strålande bryllaupsdag og må få rette ei stor takk til foreldre, øvrig familie, venner, fotograf og kakebaker for all hjelp. Vi hadde vel ikkje heilt sett for oss kor viktig denne dagen skulle komme til å bli og kor utruleg stas det var å ha ein fest med alle som betyr så masse for oss. Vi sit att med masse flotte minner og bilder. Kvardagen kjem fort, så då blir det kjekt å kunne sette seg ned å sjå tilbake på denne dagen.

onsdag 16. april 2008

Bryllaupet!

På lørdag kom endelig den store dagen vår, dagen vi hadde gleda oss til i godt og vel eit halvt år. Det var mykje å ordne før dagen, spesielt torsdag og fredag. Då var vi på handletur i fleire timar for å skaffe alt vi skulle ha. Endå vi hadde handla inn mykje på førehand er det utruleg mange småting ein treng å tenke på når ein arrangerer heile festen sjølve. Dagen før dagen pynta vi lokalet og gjorde alt klart. Det vart hektisk då klokka plutseleg var blitt litt for mykje og brura måtte ile til byen for å hente kjolen. Trond stod att med bordkortskabalen, som i utgangspunktet var lagt av brura... men som kjent kan det av og til gå litt i ball for dinna brura her, så det var opptil fleire feil i antall gjester og plassering så det vart ei hektisk siste tørn for Trond. På kvelden møtte vi nokre av gjestane på Dickens og tok oss eit par øl (og liknande) for å roe nervane. Vel tilbake på hotellet slokna vi før vi nådde puta trur eg.. Eg hadde bekymra meg litt for at eg skulle vere nervøs og bli liggande våken, men den bekymringa var ubegrunna. Sov som ein stein til klokka ringte.

Her er eg i ekte bestemorstil
Neste morgon drog eg til frisøren kl 09.00. Her vart det rulla og tørka for å forberede til oppsettet. Innimellom vart det og lagt make up. Birte, forloveren min, kom kl 10.00. Då kosa vi oss med frukt og musserande vin - nok ein gong var alkoholen grei å ha for å roe ei oppspilt og nervøs brud! :D Eg fikk og overrakt eit album med bilete frå utdrikningslaget. Der var det og helsingar frå alle venninne som var der, og dagens første tåre vart tørka frå augekroken.

Systra mi og svogeren min, Stine og Kenneth, henta oss og kjørte oss til kyrkja. Stine debuterte
med bykøyring- det gjekk strålande! Vi vart
nokre få min for seine til kyrkja, men ankom
vel akkurat kl 14. Der stod pappa og venta, trur han trippa litt der han såg etter oss :) Måtte ta meg sammen for ikkje å begynne å sippe allereie då, var litt redd for at dersom slusane først opna seg så kom det til å renne over..
Klare til å gå opp golvet spurde pappa om vi skulle fort eller seint. Seint! svarte eg.. og sette avgårde i eit rasfort tempo, så pappa måtte nappe meg i armen og be meg roe ned litt.. :D Det var veldig kjekt å sjå alle som var møtt opp i kyrkja og eg var egentlig ikkje så nervøs lenger - det var bare stas. Framme ved alteret stod Trond og venta - så utrulig flott i ny bunad!
Sjølve vielsen gjekk veldig fint, vi svarte ja på rett plass og gjentok løfter etter presten. Oster spelte nydeleg musikk og alle hjerter gleda seg - o lykke! :D

Til tonane frå Jan Magne Førde sin bruremarsj gjekk vi ut på kyrkjetrappa. Sola kom fram og vi smilte og sussa til alle fotografane hadde fått sitt - ikkje oss i mot! :D Resten av dagen får eg fortelle om seinare, det vart mykje å skrive om dette her!