Eg har begynt å arbeide som lærar på Lade Skule, 50 %. Sannsynligvis blir det ut mai. Eg underviser norsk på 7.trinn, fire timar, tre dagar i veka. Etter to dagar på jobb verkar det som ein forholdsvis grei skule, med forholdsvis greie elevar. Litt pjask er det jo alltids.. :) Dei synst dialekta mi er veldig rar og morsom, og har av den grunn blandt anna spurt meg om eg er med i reklamefilmen for 1881..
Skulen ligg to min å gå herfrå, og allereie etter ein dag på jobb merka eg effekten av å arbeide i nærmijøet. Var på Rema 1000 og hørte nokon bak meg som sa "Hei Birthe".. Er ikkje van med å møte kjentfolk på butikken her Der stod det to fnisande jenter som var tydelig oppspilt over å observere vikaren i sivilt. "Ville bare seie hei altså.. "
Så eg får dure vidare med norskundervisninga her oppe, tema denne veka er tekstforfatting og eg prøver febrilsk å få dei til å slutte å skrive dialekt.. Sitat frå stil om påska" æ va på hytta i færin å æ koinn itj bruk mobiln der shø.." Sitat slutt.
mandag 31. mars 2008
fredag 28. mars 2008
To veker att
No er det omlag to veker att til dagen, to veker og ein dag for å vere nøyaktig. Sidan sist har vi vore på påskeferie i Bergen. Der fekk vi gjort unna ein del ting til bryllaupet. Handla inn duk, serviettar, bordpynt og lys. Eg laga bordkort, Trond var på siste tilpassing av bunaden og fekk den ferdig og vi begynte å studere på songar til å ha under middagen. Etter at dette var gjort bar det rett år skogen, til Kvamskogen :) Vi var der frå torsdag til søndag, men lørdag som den store skidagen. Då var det strålande vér og flotte skiforhold. Trond og Arne gjekk tur til Breiarusti, Turid og Evy gjekk i turløypene rundt om i hytteområdet og eg stod på slalom i Eikedalen. Sissel, ei venninne som bur i England, var heime på påskeferie og vart med i bakken. Det var lenge sida sist og veldig kjekt! Ho skal vere toastmaster i bryllaupet og, sporty som ho er! :)
Helga står for døra og den kjem og til å brukast til bryllaupsførebuingar. Vi må velge ut tekstar til vielsen, lage program og "sanghefte". I går henta vi gifteringane - stor stas, og vi er veldig godt fornøgde med valget! God helg til alle som les bloggen min! Vi sjåast snart :)

fredag 14. mars 2008
Brudestasen
I dag har eg vore på brudesalongen og tatt siste mål for å tilpasse kjolen så den skal sitte perfekt. Har hatt meg ei alvorlig sunn periode dei siste ti dagane, så no såg det litt betre ut - var litt bekymra ei stund :) Dama satte masse knappenåler i, så no blir den sydd ut litt i livet og litt inn over brystet. Jada, det hadde vore mykje kjekkare om det var omvendt! :) Men eg vert nok pen likevel skal de sjå! Lina var med for å sjekke at alt gjekk rett føre seg og assisterte i valget av hårpynt. Store og viktiga avgjersler heile tida! :) Underskjørt er og i boks, så no er jammen meg heile brudestasen fiksa. Gjenstår berre å halde vekta!
under ser de bilete frå den særs vellukka tre retters middagen som var på gang under siste bloggartikkel. Og vår minste venn her oppe, den særs sjarmerande Bruno:

I morgon reiser vi til Bergen og vert der til 2.påskedag. Då blir det diverse anna bryllaupsplanlegging og ellers påskehygge med familie og venner. Vi gler oss til litt ferie! God påske alle saman!

onsdag 12. mars 2008
Nøyaktig ein månad att!
I dag er det 12.mars, ergo er det ein månad til 12.april og til bryllaupet står! :) I skrivande stund held den kommande brura på med å lage ein tre retters middag her oppe i Trondheim. Vi har invitert Anna, Eduardo, Lina og Ola på kalas. Blomkålsuppe, lammelår og vaniljeis m/mangopuré - namnam! Så mens låret steiker og blomkålen kokar tek eg meg tid til å blogge litt. Denne lekre middagen skulle vi eigentleg ha sist søndag, men på laurdag kom det besøk frå byn. Fem kameratar av Trond kom på surprisetur nordover for å ha utdrikningslag for Trond. Underteikna var sjølvsagt ikkje overraska, eg hadde eit par fingrar med i planlegginga. Brudgommen sjølv var derimot svært sjokkert over å plutselig møte alle kompisane i byn - hehe :) Eg emigrerte til Lina og Ola for anledninga, mens gutta goys inntok residensen vår. Dei hadde ei storveis helg med mykje moro. Trond måtte gjennom ein del og fekk nok kjørt seg litt, som seg hør og bør. Blandt anna var han med på NM i luftgitar!
Ellers har faktisk roen senka seg litt i høve til bryllaupet. I går bestilte vi gifteringane og ellers er mykje på plass no, så eg littebittegranne planleggingsfri før det blir full fres etter påske. Lage bordkort, øve på vals, passe på linjene osv osv :) Brura sjølv er godt over halvveis i ein intens tovekers slankekur, som foreløpig må seiast å gå ganske bra. Fredag skal kjolen syast inn/ut ( kjem an på kvar på kroppen vi snakkasr om her.. ) så det som ikkje er gjort til då er det berre å gløyme :)
Adios folkens og god påske! ikkje ta heilt av med marsipanen, det er vel andre enn meg som har en finkjole som må sitte fint snart? :)

Abonner på:
Innlegg (Atom)