tirsdag 31. oktober 2006

Det måtte jo berre skje til slutt...

Det er to ting eg ( og Heidi) har venta på skal skje ganske lenge, og i løpet av dei siste dagane skjedde begge deler.

Som mange av dykk kanskje veit er eg ikkje den mest organiserte personen i verda, og dette trur eg Heidi og har oppfatta etter kvart. Ganske tidlig faktisk :) Så når eg låste bilnøklane inn i bilen her ein dag, så var ingen av oss spesieslt overraska. Men dei fleste har vel to sett med bilnøklar, tenker du kanskje. Joda, det har vi. Men det andre sette låg i leiligheta, som kun var 15 min å gå frå der vi var då "ulykka" inntraff. Men kvar var nøklane til leiligheta ? Jepp, du tippa rett.. i bilen. Neste mulighet var å ringe AA, tilsvarande NAF, vi har nemlig fått medlemskort der med all info vi treng dersom noko slikt skulle skje. Men kvar var det kortet?.. Riktig igjen.. i leiligheta. Prøvde å ringe dei, men utan kortet og medlemsnummer kom vi ikkje langt.. Løysinga var å tråle butikkar på jakt etter ein telefonkatalog, noko som tydelegvis ikkje er så vanlig å vere i besittelse av i Sør-Afrika. Men etter mykje om og men fann eg ein katalog og fekk ringt ein låssmed. Han kom og fiksa det heile, til den nette sum av 300 rand, noko som faktsik er ganske mykje her nede. Nummeret til låssmeden er no lagra, og AA kortet er putta i lommeboka..

Men ikkje før vi hadde putta AA kortet i lommeboka så fekk vi bruk for det! Bilen vår har nemlig vore litt ustabil i det siste. Den har hosta og harka kvar einaste morgon, og stoppar plutseleg utan forvarsel. Den har i midlertid alltid starta igjen, heilt til i går.. Vi var i Gold Reef City utanfor Johannesburg og skulle til å køyre heim. Bilen derimot, hadde ingen som helst planar om å starte. Så der sto vi då.. Men ei jomfru i nød veit råd! Ho henvendte seg til nokre sterke mørke menn, som fekk skubba bilen i gang igjen. No gjaldt det berre å ikkje kvele bilen på veg tilbake, for då kom han garantert ikkje til å starte igjen. Sjølvsagt var det kø på motorvegen, og etter ein halv time med køyring på fyrste og andre gir ( og hjertet i halsen)kunne vi endeleg sette opp farta og komme oss trygt heim i garasjen. Kontakta AA og dei kom raskt på pletten, konstanterte at batteriet var gammalt og utslitt og måtte skiftast. Dei fekk starta bilen for oss, og vi fekk vi skifta batteri på eit verksted like ved.

Så no er alt bare velstand; bilen startar når vi ynskjer det, vi har AA info i lommeboka og på mobilen, og alltdi eit ekstra sett med bilnøklar med oss - i Heidi si veske. No gjenstår det berre å sjå kor tid vi, eller eg.... låser oss ute frå leiligheita. Døra har nemlig smekklås. Skummelt...

Velkomne til visning!

Velkommen til ei lita visning hos meg og Heidi!

Tenkte det var på tide å vise fram den nye heimen vår her i Pretoria. Vi bur i Arcadia, Beckett street, som er på østsida av sentrum. Praktisk når vi skal på jobb, for Cullinan ligg på østsida av byen det og. Greit å sleppe sentrumstrafikk om morgonen. Leiligheta er omtrent som ei vanlig norsk leilighet, vi er i alle fall veldig fornøgde og er etterkvart begynt å føle oss ganske så heime her. Vi har kvart vårt soverom, separat bad og toalett, stor stue og eit lite, men heilt ok kjøkken. Hushjelpa kjem to gongar i veka, så her er det stort sett reint og fint. Kjempeherlig å komme heim fredags ettermiddag til nyvaska leilighet!

Her er nokre bilete :

Stua vår :

Soverommet mitt:

Badet vårt :

onsdag 25. oktober 2006

Some words in English for you!

I have been writing allmy rescent articles in English, so I thought it was about time to write onein English, so that all of you who were on the FK course also can read a bit about how I am doing! I hope that you drop by my blog sometimes, I've visited someof yours:)


The days are flying by here i South Africa and everything is not so unknown and strange anymore,I'm getting used to the way of life down here and it feels good. The teachers in the band are great people and we get along fine,having morning sessions from Monday to Thursday (9-13). In addition we attend the afternoon rehearsal with the whole band every Tuesday, finishing at 16.30.

We are working a lot with timekeeping,as the Africans seem to be addicted to "African time"....We are also focusing a lot on the fact that the teachers are role models for the kids,and if they are not on time themselves,how can they expect the kids to be? Easier said than done apparently...

On our spare time, me and Heidi often go the municipal swimming pool. We start off every day (almost) with a swim, at 7 o'clock and it really is a good way to start the day. The pool is outside so we get plenty of fresh air and sun. Speaking of sun, it is about 35 degrees celsius here now,and it is only October! The hottest month is said to be January! So you can imagine that it is a bit hard being a Norwegian down here... When we work with the band we also work outside, no shadows where we can hide from the burning sun. So we often go straight to the pool after work too,to cool off.

I hope that all you FK participants out there are doing fine! And of course the same to all other people who read my blog! Thank you for writing emails to me, I'm trying to answer you in between:) Love

mandag 9. oktober 2006

Første dag på jobb

I dag hadde vi første session med dei vi skal undervise i Cullinan. Alt gjekk ikkje heilt på skinner, men det var uansett kjekt å komme i gang.

Dagen begynte med at vi stod opp kl 7.30 for å gå å svømme før jobb. Jepp... vi er sporty for tida! Måtte berre ta ut pengar i minibanken først. Var umulig å få pengar ut av banken, og vi hadde ikkje ein gong pengar til å komme oss ut tilbake frå Cullinan, det er nemleg bompengar på vegen. Etter mykje fram og tilbake, henting av pass og samtaler i banken, sjekking av nettbank via Trond i Norge, kjem det fram at alle datasystema i banken er nede og at det er difor eg ikkje får ut pengar.. Vi får ikkje tid til å svømme og legg avgarde på motorvegen.

Vi fann vegen på første forsøk, møtte Floppy på vegen og fann skulen og resten av gjengen var møtt opp. Frå venstre : Floppy (steel drum) , Lebo (danser), Peter (baritone) og Tshidiso (percussion). Vusi (trumpet) var ikkje med i dag.

Etter å ha helst på rektor fekk vi tildelt rommet som vi skal bruke dei neste fem mnd. Det var hulter til bulter med stolar, så ut som ein byggeplass, støv og skit overalt ! Så vi begynte med ei real ryddesjau for i det heile tatt å kunne oppholde oss der inne. Då vi endeleg var ferdige med ryddinga måtte vi ta undervisninga ute fordi vi hadde virvla opp så mykje støv at det var umogleg å vere i klasserommet.

Vi hadde eit par "bli kjent leikar" og litt smataler om smått og stort, for å bli kjent med kvarandre. Det var litt treigt å komme i gang, ikkje alle som var liek enkle å få med i samtale. Vi skal ha fem ”elevar”, men i dga var det berre fire der. Så gruppa er ikkje så stor, og difor er ein avhengig av at alle deltek. Eg trur dette kjem til å komme seg etterkvart som vi vert betre kjent! Hadde og laga ein versjon av "jeopardy" med diverse spørsmål om musikk, allmennkunnskap, nordmenn etc. På denne måten fekk vi ha det litt moro i lag, samtidig som vi fekk litt innblikk i kor mykje kunnskap dei har om ulike tema.

Det vart ikkje noko speling i dag, men vi såg gjennom notane og snakka litt om kva vi/dei har lyst til å spele, så i morgon vert det ensamblespeling og det vert nok kjekt. Det er tross alt den største fellesnevneren for oss! I morgon ettermiddag skal vi og vere med på øving med heile korpset. Vi avslutta sessionen med å snakke litt om kva vi vil ta for oss i morgon. Skrapa saman alt vi hadde av småpengar i alle lommer, og måtte låne en rand (ei krone) av Floppy for å komme oss heim. Eg og Heidi avslutta arbeidsdagen med ein drøy kilometer i bassenget og scampiwok til middag, flinke jenter!

søndag 8. oktober 2006

Mitt første møte med elevar og lærarar

I dag har eg, Heidi, Ellen og Marit vore i Springs for å møte alle vi skal arbeide med og undervise i denne første perioden,dvs. fram til mars.

Alle tutors (lærerar) og nokon av dei eldste i korpsa var samal for eit regionalt møte, noko som finn stad to gongar i året. Regionen her heiter Gauteng. Uttalast ”hauteng”, men med tysk skarrelyd på h’en. Dette var leia av Lillian som er ”regional coordinator” for alle korpsa regionen.  Og for ei dame ! Ho er ei myndig kvinne og har stor respekt blant alle i korpsa. Ganske rett på sak, veldig ærlig og samtidig svært hjertevarm. Ho er sjølvutnevnt mor for oss mens vi er her, og som ho sjølv seier ”I gave birth to all the Norwegians who are here, so please take good care of them”. Så det er ikkje noko tvil om at vi vert godt tekne vare på mens vi er her.

I Afrika er det eit uttrykk som heiter ”african time”, og med det meinast det at tidspunkt ikkje er noko nøyaktig eller eksakt. Skal eit møte byrje kl 11.00 så kjem folk gjerne dinglande når klokka nærmar seg 11.30, eller meir. Dette er noko som nordmennene som har vore her nede har prøvd å snu i seks år no, men det er ikkje gjort i ei handvending. Vi var difor veldig opptekne av at vi i alle fall ikkje skulle komme for seint til møtet i dag. Den gang ei.. Det er ikkje berre berre å skulle ta seg fram til ein heilt ukjent plass, gjennom eit mylder av gater og kvartal. Vi rota oss sjølvsagt vekk, så Lillian måtte komme inn til sentrum og plukke oss opp. Vi vart 40 min forsinka til møtet.. ”As usual, the Norwegians got lost!” sa Lillian :) Sidan det var fyrste turen vår til Springs vart vi tilgitt…

Her er Heidi i samtale med folka frå Cullinan, som vi skal arbeide med.

Etter eit felles møte der vi diskuterte rekruttering, championshippen, utvekslingsprogram etc. var det felles grilling utanfor skulen. Her serverte dei oss skikkelige kjøttpølser, av den kraftige sorten, med diverse tilbehør. Det var veldig godt,så får vi berre krysse fingrane for at magen heng med i svingane:)Her ser de ein av gutane i korpset (hugsar ikkje namnet) og Floppy i full gang med maten.

Når vi skulle ete hadde dei dekka på eit eige bord til oss fire. Dei andre åt frå papptallerkar, sittande på kvar sin stol eller på golvet, mens vi sat med ordentlig service, eit digert fat med pølser og diverse tilbehør. For oss var denne forskjellsbehandlinga litt ubehageleg og vi var ikkje komfortable med å ha dette ”skillet” mellom oss og dei. Frå dei si side var nok denne ekstrabehandlinga for å ønske oss velkomne og for å ta godt i mot oss, og det sette vi sjølvsagt pris på. Det er ikkje like flat struktur i organisasjonane her nede som det vi er vande med heime, så det er absolutt ein kulturforskjell. Når vi skulle køyre heim fekk vi for sikkerhets skyld med oss ein heil svissrull på kvar! :) Ein kjekk dag med andre ord, no ser vi fram til mandag og første undervisningsøkt.

fredag 6. oktober 2006

Nærkontakt med dyra i Afrika!

Lørdag kjørte vi på ein liten rundtur utanfor Johannesburg og besøkte ein løvepark og ein stor botanisk hage. Løvene var heilt klart meir imponerande enn blomane, og for bleike nordmenn var det stor stas å få komme så nær desse dyra. Her er eg klar for avreise til ein liten minisafari.



Parken hadde to delar; ein del som du gjekk igjennom og ein del som du køyrde igjennom med din eigen bil. Første del var den vi gjekk i sjølve, og her såg vi leopard, vortesvin og giraff, i tillegg til løvene sjølvsagt! Det var for det meste løveungar i innhenga og eit av innhenga fekk vi gå inn i, slik at vi kunne få klappe og kose litt med dei! Marit var heller skeptisk, mens Heidi nærmast la på sprang mot løvene… Her ser du meg kose litt med ein av pusekattane.

Det er vel unødvendig å seie at dette var ganske fantastisk for oss alle! Vi fekk og nærkontakt med to giraffar, populært kalt Raffen og Laffen :)Kven hugsar vel ikkje Raffen frå ”Portveien 2?” Det gjer i alle fall eg.

Fasinerande å sjå dei på nært hald, og eg synst det er rart at giraffen i det heile teke kan stå oppreist, den pinglete kroppsbygningen tatt i betraktning. Eg hadde garantert velta over, men så er det no også liten sjanse for at nokon sinne kjem til å ha så lite kjøtt på beina.. Siste del av parken var eit stort område som vi køyrde gjennom med bilen vår. Tydelige innstruksar om å halde alle vindauga lukka, men inntil vi kom til løvecampane så var det ikkje så farleg. Vi såg sebra, bøffel, springbukk ( Sør-Afrika sitt nasjonaldyr) og diverse fuglar.

Det beste vart spart til slutt; dei voksne løvene! ”Wow, dette er akkurat som i Narnia” var Heidi sitt utsagn når vi såg ei voksen løve med stooor manke for første gong. Her måtte vi verkeleg halde vindauga lukka for her rusla det store løver og løvinner rundt, sleika litt på bilen og prøvde å bite over blinklyset.. Og der var mange kosesjuke løveungar som klatra rundt på foreldrene sine,søte!

Det var fire forskjellige løvecampar du kunne køyre inn i, med ein open port mellom kvar. Det blei verkeleg action då nokre av løvene i camp 4 (som vi var i då) begynte å oppsøke løvene i dei andre campane. Mennene som vokta portane var ikkje obs på dette før to av løvene plutseleg var ute av campen sin. Mykje løveknurring, løver som sprang rundt bilen og illsinte menn som prøvde å få sjøføren i den vesle raude Toyotaen til å forstå at ho snarast mogleg måtte flytte bilen, då ho var i vegen. Er vel undøvendig å seie at eg var sjåføren i den bilen….. men med videokamera og fotokamera i sving vart det litt mykje å konsentrere seg om for unge frk. Kråkenes, så det endte med at eg kvelte bilen og at vokteren slemte porten igjen med ei særs ilter mine. ” You have to drive out fast so the lions don’t escape again!!” Ok, ok..Her er den store og sinte løva..

Med andre ord ein opplevelsesrik dag for jentene frå vesle Noreg! Vi avrunda dagen med ein roleg rusletur i ein botanisk hage..

torsdag 5. oktober 2006

Mi forste veke i SA

No er forste veka over, og etter diverse tull med internetttilgang og batteri saa er eg no paa nettkafe for aa skrive litt om mine fyrste inntrykk.

Vi ankom forrige torsdag, og drog rett paa lunch med diverse folk tilknytta FBF (Field Band Foundation). Vi saag ikkje serlig freshe ut, men det gjorde godt med litt mat etter et dogn. Fredag og laurdag var det nationalt mesterskap her nede, saa da var det opp kl 06, mote kl 07 for aa hjelpe til. Smaahektisk, men heilt fantastisk aa sjaa paa musikantane i aksjon. Fredagen var det "babybands" som var i aksjon, dvs. korps som bare har holdt paa i tre mnd til ett aar. Dei var utrulig flinke for aa ha holdt paa saa kort tid, og det viser vel at den norske maaten, med noter foor instrument, nodvendigvis ikkje er det beste. Her nede er det "learning by doing" og det ser ut til aa fungere veldig bra.

Mandag flytta eg og Heidi til Pretoria, ca.50 min kjoring nord for Johannesburg. En stooor by!Vi bur i et stort leilighetskompleks, i 3.etg., hoge gjerder rundt eiendommen, men med egen vakt og port. Foler oss trygge naar vi er der, og det er sjolvsagt veldig viktig :) Har alle fasiliteter rundt oss, saa det er veldig urbant forleopig. Begynner aa jobbe paa mandag, saa daa faar vi endeleg besoke townshippen og folka vi skal arbeide saman med.

I gaar var vi en tur i Johannesburg, mote og middag. Kjorte derfar kl 22.00, men var ikkje heime foor kl 24.00. Grunen til det var at vi ikkje fant veien ut til motorveien og kjorte oss vill i gatene rundt sentrum. Det var skikkelig morkt og ukjent, lite folk aa sjaa. Akkurat daa var vi ikkje saa hoge i hatten, og stemninag i bilen var ikkje akkurat god. Men vi fikk etterkvart hjelp paa en bensinstasjon til aa finne veien. Er ikkje alltid saa lett aa skjonne veibeskrivelsane her nede, og faa les kart, saa det blei endel bomturar til tross for at vi fikk beskrivelsar fraa opptil fleire.

I dag rusler vi rundt i omraadet, skal en tur paa det offentlige badeanlegget no. Trimme litt i bassenget og slange oss i sola etterpaa. Herlig aa vere under afrikas sol ! :) (p.s: bilder kjem etterkvart, men har problemer med pc-batteriet saa har ikkje faatt lasta inn paa disken enda)