lørdag 12. april 2008

Dagen før dagen..

No ervi komt på hotellrommet og det er straks tid for skjønnhetssøvnen. Litt nervøs og spent, men og ganske trøtt. Det har vore mykje sjauing og styring for å få alt klart til den store dagen vår.. Gler meg til i morgon! Blir kjekt å feire med venner og familie. Så god natt - neste gong eg bloggar blir det som Fru Bjørstad :)

lørdag 5. april 2008

Såg du TV2 sin artistgalla?

Eg sit og ser på TV2 sin artistgalla, med innslag fra Sør-Afrika og Lesotho. Det er mange minner som strømmer på frå fjoråret og det er sårt å bli minna på dei forferdelige forholda enkelte lever under der. Eg og Heidi var bla på ein to dagars ridetur i fjella i Lesotho, den ligg i bloggarkivet mitt.

Uansett, grunnen til denne bloggartikkelen er at eg vil fortelle om en organisasjon som heiter Zulufadder. Den er ganske nystarta og det er Mari Maurstad som står bak. I Eshowe, nord for Durban i SA, har ho starta ein dagheim. Der kan borna få mat, kle og hjelp til å klare seg i kvardagen. For 200 kroner i månaden kan du bli fadder til eit barn her. Foreløpig er det 600 faddrar, så organisasjonen er liten. Difor går pengane uavkorta til borna, administrasjonen er minimal. Gå inn på zulufadder.no og bli fadder! ALLE har faktisk råd til å avsjå 200 kr i månaden.














Her ser du Sbongakonke, min faddergutt som snart blir ni år.


fredag 4. april 2008

Siste helga som ugifte..

No er det siste helga i hedensk samboerskap - om ei veke er den store dagen like om hjørnet! Den siste helga som ugifte går med til mykje avslapping og diverse pjask med planlegginga. Vi lagar songhefte, vielsesprogram og øvar på brudevals. I tillegg er Trond under kraftig press frå underteikna, han har nemleg ikkje starta på den berømte tala til brura endå! Så han har ein jobb å gjere den siste veka! :) I morgon skal vi teste ut ulike forslag til velkomstdrikkar og øve meir på valsen. God fredagkveld til alle og ei fortsatt god helg!

onsdag 2. april 2008

Nervane kjem snikande..

Når det no er under to veker att til bryllaupet har nervane begynt å snike seg innpå. Ikkje kalde føter altså, men er begynt å bli litt nervøs for alt som skal skje på den store dagen. Det er mykje som skal klaffe og mykje som må organiserast i forkant. Byrjar å bli litt lei av å ta stilling til alle mulige slags småting, men det er jo ikkje nokon veg utanom :) Og midt oppe i det heile så varsla dei storstreik! Det vart heldigvis ikkje noko av, men vi sendte ut foreldre og svigerforeldre på storstilt handel av brus, øl og snacks for å vere på den sikre sida:)

Trass i alt brudestresset gledar vi oss likevel mykje til bryllaupet og det er litt rart at det plutselig er klart for det som for dei fleste er ein av dei største dagane i livet. Vi gler oss veldig til å samle familiane våre og alle venninner og kameratar, og gruar oss litt til å vere midtpunktet ein heil dag -alt kjem jo til å handle om oss rett og slett. Skrekkblanda fryd er det vel det heiter :)

Måndag reiser eg til Bergen og det store spørsmålet no er korleis ein fraktar med seg ein brudekjole på flyet, utan at han vert aldeles samankrølla? Har ikkje heilt funne det ut endå, men kanskje er det muleg å få henge han inne i flyet i eit skap hjå cabinpersonalet? Kven kan vel motstå det sjarmerande smilet til ei yndig brud? :)

mandag 31. mars 2008

Lærarjobb

Eg har begynt å arbeide som lærar på Lade Skule, 50 %. Sannsynligvis blir det ut mai. Eg underviser norsk på 7.trinn, fire timar, tre dagar i veka. Etter to dagar på jobb verkar det som ein forholdsvis grei skule, med forholdsvis greie elevar. Litt pjask er det jo alltids.. :) Dei synst dialekta mi er veldig rar og morsom, og har av den grunn blandt anna spurt meg om eg er med i reklamefilmen for 1881..

Skulen ligg to min å gå herfrå, og allereie etter ein dag på jobb merka eg effekten av å arbeide i nærmijøet. Var på Rema 1000 og hørte nokon bak meg som sa "Hei Birthe".. Er ikkje van med å møte kjentfolk på butikken her Der stod det to fnisande jenter som var tydelig oppspilt over å observere vikaren i sivilt. "Ville bare seie hei altså.. "

Så eg får dure vidare med norskundervisninga her oppe, tema denne veka er tekstforfatting og eg prøver febrilsk å få dei til å slutte å skrive dialekt.. Sitat frå stil om påska" æ va på hytta i færin å æ koinn itj bruk mobiln der shø.." Sitat slutt.

fredag 28. mars 2008

To veker att

No er det omlag to veker att til dagen, to veker og ein dag for å vere nøyaktig. Sidan sist har vi vore på påskeferie i Bergen. Der fekk vi gjort unna ein del ting til bryllaupet. Handla inn duk, serviettar, bordpynt og lys. Eg laga bordkort, Trond var på siste tilpassing av bunaden og fekk den ferdig og vi begynte å studere på songar til å ha under middagen. Etter at dette var gjort bar det rett år skogen, til Kvamskogen :) Vi var der frå torsdag til søndag, men lørdag som den store skidagen. Då var det strålande vér og flotte skiforhold. Trond og Arne gjekk tur til Breiarusti, Turid og Evy gjekk i turløypene rundt om i hytteområdet og eg stod på slalom i Eikedalen. Sissel, ei venninne som bur i England, var heime på påskeferie og vart med i bakken. Det var lenge sida sist og veldig kjekt! Ho skal vere toastmaster i bryllaupet og, sporty som ho er! :)


Helga står for døra og den kjem og til å brukast til bryllaupsførebuingar. Vi må velge ut tekstar til vielsen, lage program og "sanghefte". I går henta vi gifteringane - stor stas, og vi er veldig godt fornøgde med valget! God helg til alle som les bloggen min! Vi sjåast snart :)

fredag 14. mars 2008

Brudestasen

I dag har eg vore på brudesalongen og tatt siste mål for å tilpasse kjolen så den skal sitte perfekt. Har hatt meg ei alvorlig sunn periode dei siste ti dagane, så no såg det litt betre ut - var litt bekymra ei stund :) Dama satte masse knappenåler i, så no blir den sydd ut litt i livet og litt inn over brystet. Jada, det hadde vore mykje kjekkare om det var omvendt! :) Men eg vert nok pen likevel skal de sjå! Lina var med for å sjekke at alt gjekk rett føre seg og assisterte i valget av hårpynt. Store og viktiga avgjersler heile tida! :) Underskjørt er og i boks, så no er jammen meg heile brudestasen fiksa. Gjenstår berre å halde vekta!

under ser de bilete frå den særs vellukka tre retters middagen som var på gang under siste bloggartikkel. Og vår minste venn her oppe, den særs sjarmerande Bruno:



I morgon reiser vi til Bergen og vert der til 2.påskedag. Då blir det diverse anna bryllaupsplanlegging og ellers påskehygge med familie og venner. Vi gler oss til litt ferie! God påske alle saman!