tirsdag 29. april 2008

Bikerbaben Birthe!

Eg har fått meg verdens søtaste og stiligaste sykkel! Den var eit ganske spontant kjøp i går, ei gåve frå mannen min :) Eg nevnte kvelden før at det var dumt at vi kun hadde ein av syklane våre her oppe, for det hadde vore kjekt å dra på sykkeltur på Ladestien saman. Så då fann han ut at eg kunne jammen meg få ny sykkel. Skal no seiast at eg har slete ein del med den "gamle" vi har i byn, fordi eg får så ondt i handledd og skuldrar av den. Er av typen offroad. Så då drog vi ut og kjøpte denne snertne og elegante tohjulingen! Som han sa: det følger no nokre fordelar med å vere kona mi! Så sant så sant :)

Check it out! Den har fått navnet Bella og eg vurderer blomster på korga :)



Ingen kommentarer: